Høringssvar fra Arne E. Nakling

Dato: 12.05.2021

Svartype: Med merknad

Koronasertifikat skaper eit klassedelt samfunn som liknar apartheid frå førre århundre.
Det er igjen ungdomen det går særleg ut over.
Koronasertifikat er utlevering av helseopplysningar under tvang.

Slike sertifikat strider mot Grunnlova, Helsepersonellova, EMK og menneskerettane.
Kostnaden ved alle desse lovbrota står ikkje på nokon måte i tilhøve til den sparsame vinsten ein oppnår i færre sjukehusinnleggingar og dødsfall.

Den juridiske vurderinga av slike inngripande tiltak i menneskerettane høyrer heime i den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Regjeringa må oppretta eit uavhengig utval av juristar som skal vurdera forholdsmessigheten. Her må sjølvsagt habiliteten gå lenger enn vanleg forvaltingsskikk, for å oppnå mest muleg tillit.