Høringssvar fra Gol kommune
Svar på høyring om regulering av miljø og helse i barnehagar og skuler frå administrasjon i Gol kommune
Administrasjon for barnehage og skule i Gol kommune støttar endringar i ny forskrift om miljø og helse i barnehagar, skuler og skulefritidsordingar.
Utviding av forskrifta til også å gjelde skulefritidsordningar er spesielt viktig sidan det er skulefritidsordningar som ikkje har felles lokale med skuler.
§ 15 «Godkjenning og oppstart av virksomhet»
Gol kommune vil spesielt påpeke at det er viktig at det i andre ledd står at verksemda skal ha ein oppdatert og langsiktig vedlikeholdsplan, som sikrar at lokala både inne og ute blir held vedlike på ein helsemessig tilfredsstillende måte. Dette for å oppnå meir systematisk vedlikehald av alle bygg og uteleikeplassar der barn og elevar oppheld seg.
Generelt er det viktig som det står i høyringa at fleire av paragrafane i forskrifta blir følgd opp med veiledere sidan det ofte er brukt ord som «tilpassa, planlagt, forsvarleg, tilfredsstillande». Innhald i desse orda har liten tyngde utan utdypende merknader eller veiledere.