Høringssvar fra Bømlo kommune

Dato: 11.12.2019

Svartype: Med merknad

Høyringsuttale frå Bømlo kommune:

Bømlo kommune støtter departementet sitt forslag om å regulere ansvaret for det fysiske miljøet gjennom forskrift om miljø og helse i barnehagar og skular, og det psykososiale miljøet gjennom sektorregelverket.

Det er viktig å framleis ha tilsynsansvar etter forskrifta i kommunane, ettersom lokalkunnskap, dialog og rådgjeving er ein viktig del av tilsynsfunksjonen.

Ved overføring av ansvar for tryggleik og beredskap bør det vere eit pålagt samarbeid mellom sektoren og den kommunale beredskapsorganisasjonen.

Dersom krav til utforming av lokale og uteområde fører til kostnadskrevjande ombyggingar eller investeringar for kommunane, må det kompenserast økonomisk.