Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høringssvar fra Tax Justice Network - Norge

Dato: 06.01.2020

Høyringssvar frå Tax Justice Network – Norge

Tax Justice Network – Norge (TJN) takkar for høve til å kome med høyringssvar på Forslag til ny lov om røystingsrådjevarar og endringer i aksjelovgivingen mv. (SRD II åpenhet og innflytelse). Tax Justice Network- Noreg har i mange år jobba for større openheit i forvaltarordninga.

Forvaltarordninga som utanlandske investorar kan nytte har lenge vore eit problematisk unntak til openheitprinsippa som elles har kome på plass for direkteregistrerte aksjar i norsk næringsliv. TJNN er difor positive til at departementet, gjennom innføringa av SRD II, no vil lovfeste føretaka sin rett til å få informasjon om identiteten til alle sine aksjonærarar, også dei utanlandske som nyttar forvaltar.

TJNN er særleg positive til at departementet i tillegg til det som krevjast i SRD II foreslår at føretak periodisk skal offentleggjere informasjonen om identiteten til eigarar av forvaltarregistrerte aksjar. Vi vil presisere at det ikkje er tilstrekkeleg at informasjon berre skal vere offentleg tilgjengelege via føretaka sine nettsider, men også må samlast i eit sentralt register. Dette vil gjere informasjonen mogleg å analysere for investorar, media, myndigheiter, forskarar, sivilsamfunn og andre interesserte. Desse brukarane sitt informasjonsbehov må stå i sentrum for å sikre eit sundt og etterretteleg næringsliv.

Forslag til reglar om auka openheit om forvaltarregistrerte aksjar

Ein stor del av det utanlandske eigarskapet i norske aksjeføretak og allmennaksjeføretak er organisert gjennom forvaltar. Departementet har henta tal frå VPS som syner at 26 % av marknadsverdiane på Oslo Børs per november 2019 var eigd gjennom forvaltarkonto.

Informasjon om alle eigarar bør samlast i eit sentralt, offentleg register som er kontinuerleg oppdatert. Eit register vil også gjere det mogleg å gjennomføre kryssøk og historiske søk. TJNN viser også til høyringssvaret frå Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening og støttar innspelet deira om at Stortingets vedtak om Aksjonærregisteret (Vedtak nr 496 (2013-2014)) endå ikkje er følgt opp.

TJNN meiner at denne informasjonen bør offentleggjerast langt oftare enn éin gong i året, som departementet foreslår som eit minimum. På sikt bør informasjon om aksjeeigarar, anten direkteregistrerte eller forvaltarregistrerte, og informasjonen i det komande Register for reelle rettighetshavere, oppdaterast like hyppig. I Register for reelle rettighetshavere (Lovvedtak 38 (2018-2019)) skal informasjon om eigarskifte rapporterast utan opphald og seinast innan 14 dagar, og dette bør også bli standard for offentleg informasjon om direkte aksjeeigarar.

Ein ansvarleg forvaltar må til ei kvar tid ha informasjon om kven ho forvaltar aksjen på vegne av. Når automatiserte system for informasjonsinnhenting frå forvaltar til føretaket kjem på plass, bør det ikkje vere store kostnader knytt til nær-fortløpande rapportering og offentleggjering av endringar i eigarskap. Informasjonen kan publiserast sjeldnare i den første fasen, til dømes kvartalsvis eller månadleg rapportering det første året, viss det er praktiske hindringar som må løysast før det automatiserte systemet er på plass.

TJNN støttar departementet si vurdering at dei nye reguleringane ikkje berre bør gjelde allmennaksjeføretak med aksjar tatt opp til handel på regulert marknad, slik SRD II er formulert, men at reguleringane bør vere like for aksjeføretak og andre allmennaskjeføretak som tillét forvaltarregistrering.

Kva informasjon som skal offentleggjerast

I tillegg til dei opplysningar som er lista i høyringsnotatet (namn, prosentdel aksjar eigd, aksjeklasse, fødselsår, postnummer og stad), støttar vi høyringssvaret frå Statistisk Sentralbyrå om at også organisasjonsnummer (om aksjeeigar er ein juridisk person), og opplysningar om landkode må innhentast og offentleggjerast. Bruk av forvaltarar og formidlarar registrerte i internasjonale finanssentre er ei utfordring også for statistikk og forsking på utanlandsk investering i Noreg, då opphavslandet til eigaren av den forvaltarregistrerte aksjen ikkje er kjend.

Om det skal innførast ein terskel for offentleggjering.

TJNN vil understreke at offentlegheita har interesse av å få informasjon om alle som eig verksemder som er registrerte i eller har aktivitet i Noreg. I aksjonærregisteret er det i dag ingen terskel for oppføring i registeret av direkteregistrerte aksjar. Aksjonærregisteret skal ikkje berre gje informasjon om dei eigarar som har stor nok eigardel til å kontrollere føretaket, slik dette er definert i kvitvaskingslova, men opplyse om alle som har eigarskap og då økonomisk interesse i føretaket. Dette er eit viktig openheitsprinsipp, og TJNN ser ingen grunn til at ikkje openheit om forvaltarregistrerte aksjar skal likestillast med openheita som elles gjeld for direkteregistrerte aksjar. Ein definert terskel kan også enkelt omgåast, om føremålet er å halde eigarskapet skjult, ved å organisere eigarskapet gjennom fleire kontrollerte einingar. Det bør ikkje innførast ein terskel til den nye opplysningsplikta.

Om oppbevaring av informasjon

Den offentlege informasjonen om kven som eig forvaltarregistrerte aksjar, bør ikkje berre vere tilgjengeleg på dei ulike føretaka sine heimesider, men også vere samla i eit sentralt, elektronisk aksjonærregister, saman med informasjon om eigarar av direkteregistrerte aksjar. Eit slik register bør også innehalde historiske data, og data bør oppbevarast like lenge som oppbevaringsfrister er definerte i rekneskaps- og skattelovgivinga, og som oppbevaringsperioden som er foreslått i det nye Register for reelle rettighetshavere (10 år).

Om informasjon om eigarar av forvaltarregistrerte aksjar i første omgang ikkje blir å finne i eit slikt sentralt offentleg register, bør løysinga som Statistisk Sentralbyrå foreslår i sitt høyringssvar vurderast, der det er Verdipapirsentralen som får ansvar for innhenting og oppbevaring av eigardata. Om departementet vel ei løysing der informasjonen berre blir å finne på dei ulike føretaka sine heimesider, er det viktig at også historisk informasjon blir å finne der. TJNN foreslår at departementet gjer ei vurdering av kor lenge informasjon om aksjeeigars identitet kan ligge på føretaket sine heimesider, med det føremål å sikre mest mogleg openheit også om historiske data innanfor dei rammene som eksisterande GDPR-regelverk set for oppbevaring av personopplysingar i private føretak.

Openheit om deltaking og røysting på generalforsamling

TJNN støttar departementet sitt forslag om at føretaka skal offentleggjere fortegnelsen over aksjeeigarar som har møtt på generalforsamlinga, og meiner dette bør gjelde for alle aksjonærar (ingen terskel).

Openheit i forvaltarkjeder

Departementet skriv at det er «kjent med at enkelte selskaper i praksis opplever utfordringer med å få opplysninger om hvem som eier de forvalterregistrerte aksjene», og at føretak «i varierende grad» får tak i desse opplysningane. Kompleksiteten i forvaltarkjedene er ei viktig årsak til dette. Ofte er det ikkje berre éin forvaltar som står mellom føretaket og aksjeeigar, men ei kjede av forvaltarar og formidlarar, registrerte i ulike land.

Det er viktig at den forvaltar som er registrert i Noreg og som har kontakt med føretaket, er pliktig til å opplyse føretaket om identiteten til den endelege aksjeeigaren, eller vidareformidle dette kravet til andre formidlarar, utan opphald og uansett kor mange ledd med formidlarar som ligg i mellom den norskregistrert forvaltar og den endeleg eigaren. Sanksjonsmoglegheitene som lovforslaget opnar for bør bli brukt i tilfelle der forvaltaren ikkje oppfyller denne plikta.

Likevel er det grunn til å tru at informasjonsinnhenting blir meir komplisert i tilfelle der det er mange ledd mellom føretaket og aksjeeigar, og departementet bør vurdere tiltak for å sikre openheit også i tilfelle der aksjeeigarskapet er forvalta gjennom ei kjede. I rapporten «Åpent Eierskap – Forslag til utforming av det nye norske registeret over egentlige eiere» (2015) anbefalte Tax Justice Network – Norge å avgrense kor mange ledd ein skal tillate i slike forvaltarkjeder til to, som ei løysing på utfordringar med lange forvaltarkjeder.

Om departementet også erfarer at kjeder av forvaltarar kompliserer informasjonsinnhenting for både offentlege myndigheiter og føretaka sjølve, bør det gjerast ei vurdering av kva for forretningsmessige grunnar som tilseier ta det er naudsynt med ei lang kjede av forvaltarar og formidlarar mellom eigar og føretak, og om desse grunnane trumfar offentlegheita sitt behov for innsyn i eigarskap.

SRD II gjev EØS-land eit handlingsrom til å pålegge ein formidlar om å opplyse om kven som er neste formidlar i ein slik kjede, når føretaket ber om denne informasjonen, men departementet skriv at det «under tvil» foreslår å ikkje nytte dette handlingsrommet (Høyringsnotatet s 17). TJNN oppmodar departementet om å revurdere dette, og vurdere korleis eventuelle praktiske utfordringar ved ei slik utvida informasjonsplikt kan løysast.

Om forbod om forvaltarregistrering for norske aksjeeigarar

Departementet skriv i høyringsnotatet at forbodet mot at norske aksjeeigarar kan nytte forvaltar er grunngjeve med omsyn til openheit og innsyn, og at større openheit og innsyn i forvaltarregistrerte aksjar difor kan gje grunn til å revurdere dette forbodet (Høyringsnotat s. 11-12). Vi støttar Finansdepartementet sitt høyringssvar på dette punktet, og vil åtvare mot å opne opp for meir forvaltarregistrerting i Noreg. Som Finansdepartementet skriv vil dette få uheldige konsekvensar for rapportering av aksjonærar sine skattemessige forhold til Skatteetaten, då meir informasjon vil måtte førast opp av skattebetalar sjølv, heller enn å bli utfylt på førehand som ei fylje av tredjepartsrapportering frå Aksjonærregisteret, slik som er tilfellet for direkteregistrerte aksjar.

Finansdepartementet skreiv også i Verdipapirsentrallova, Prop. 7 L (2018-2019), kapittel 3.3.3, at sjølv om myndigheiter har hatt rett til innsyn i kven som eig forvaltarregistrerte aksjar, har det i praksis vore enklare å få informasjon om eigarar av direkteregistrerte aksjar. Dei nye openheitskrav som er foreslått i dette høyringsnotatet er eit viktig steg, men vi må legge til grunn at det likevel vil vere enklare for myndigheiter og offentlegheita å få informasjon om direkteregistrerte aksjar enn forvaltarregistrerte aksjar. Ei oppheving av forbodet mot at norske aksjonærar kan nytte forvaltarkonto vil difor bety redusert informasjonstilgang samanlikna med dagens situasjon.

Oslo, 6. januar

Sigrid Klæboe Jacobsen, Dagleg leiar

Ingrid Hjertaker, Politisk rådgjevar

Tax Justice Network Norge

Vedlegg

Til toppen