Høringssvar fra Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet

Revisjon av forskingsetikklova - høyringssvar

Dato: 26.10.2015

Svartype: Med merknad

Vi viser til brev 9.7.2015 og takkar for høvet til å komma med innspel. Lovforslaget har vore til høyring ved fakulteta, Tromsø museum, Universitetsbiblioteket og Forskingsetisk utval ved UiT.

UiT Noregs arktiske universitet har desse innspela:

  • Generelt: Uttrykket anerkjente etiske normer kan komma til å bli tolka ulikt av ulike brukarar av lova. Nokon kan forstå det slik at det betyr etiske normer slik det går fram av nasjonale og internasjonale etiske retningslinjer, medan andre kan tenkja at det betyr etiske normer slik min institusjon praktiserer det eller .. slik mi faggruppe praktiserer det. Vi er merksam på at omgrepet er drøfta i høyringsnotatet, men for oversikta si skuld bør det definerast i lova.
  • Ein eventuell definisjon kan gjerne stå som ein eigen paragraf tidleg i lova, i lag med definisjonen av vitenskapelig uredelighet (vitskaplig uheiderleg åtferd). I § 4-13 i lov om universiteter og høyskoler må referansen til forskingsetikklova § 5 andre ledd endrast i samsvar med plasseringa av denne definisjonen. 
  • Til § 3 generelt: UiT ser det som positivt at institusjonane sitt ansvar vert lovfesta.
  • Til § 3 andre ledd e: Forskingsetiske saker femner over eit breitt spekter, frå slurv og unøyaktigheit, via alvorlegare brot, til vitskaplig uheiderleg åtferd som fell inn under § 5 i gjeldande forskingsetikklov. Det er ynskjeleg med ei presisering av pkt. e, t.d. slik at det berre er saker i den siste gruppa – dei mest alvorlege sakene – som skal rapporterast.
  • Til § 6 generelt: Uttrykket vitenskapelig uredelighet (vitskaplig uheiderleg åtferd) er problematisk sidan det ikkje er brukt andre stader enn i § 6 siste ledd. Dette kan løysast ved å utvida beskrivinga i § 6 første ledd, t.d. ved ei ny andre setning: I uttalelsen skal utvalget alltid ta standpunkt til om en handling er vitenskapelig uredelig.
  • Til § 6, spørsmålet om klagerett eller ikkje: Det er sterke omsyn som talar både for og imot klagerett, og vanskeleg å gi tilråding. Men i fall alternativet med klagerett vert valt; kunne det då vera aktuelt med ein nasjonal klageinstans som ikkje er Granskingsutvalet, og som kunne vera klageinstans både for institusjonane og Granskingsutvalet sine uttalelsar?