Høringssvar fra Bærum Mållag

Dato: 19.12.2021

Bærum Mållag:

Fråsegn om framlegg til ny opplæringslov

Allment

Ei ny lov for grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa er ei lov som skal vera med til å forme verdi- og kunnskapsgrunnlaget for neste generasjonen, og med det også den språklege framtida vår. All opplæring handlar om språklege verdival og framtidig språkleg praksis.

Frå årsskiftet vil den nye språklova gjelde. Lova stadfestar at nynorsk skal ha eit særleg vern. Framlegget til ny opplæringslov freistar å rette seg etter dette, men framlegget samsvarar likevel ikkje godt nok med lova. Det tek ikkje nok omsyn til realitetane: dei ulike vilkåra for nynorsk og bokmål. Det trengst særlege tiltak skal elevar med nynorsk få ei fullgod opplæring på eige språk slik at nynorsk kan ha rimelege framtidsvilkår.

Elevane lever i aukande grad i ei digital verd, dominert av engelsk og bokmål. Denne dominansen vil også vera ramma for og innhaldet i skolekvardagen om det ikkje blir sett i verk kraftfulle tiltak. Skorten på digitale læremiddel, læringsplattformer og læringsverktøy på eige språk gjer at nynorskelevar har store handikapp, og verknaden er at nynorsk blir uttyna, utarma og fråvald. Ei tidhøveleg opplæringslov må sikre ein digital læringskvardag på eige språk for nynorskelevane. For elevane er det eit rettvisekrav, for nynorsken kan det vera eit eksistensspørsmål. Nynorskelevane skal ha like god opplæring i og på språket sitt som elevar med bokmål som hovudmål, og nynorsk skal ha levelege framtidsvilkår slik språklova føreset.

Bærum Mållag konstaterer at framlegget følgjer opp språklova på desse viktige punkta:

· Opplæringsspråket

Vi er glade for at framlegget slår fast at «opplæringa skal vere på norsk, samisk eller norsk teiknspråk». Med det blir engelsk stengt ute som opplæringsspråk i den norske skolen.

· Rådgjevande folkerøysting om skolemål

Det er bra at det viktige kravet om rådgjevande folkerøysting ved skifte av skriftspråk i grunnskulen blir halde oppe. Likeins at kommunen skal gje forskrift om det er bokmål eller nynorsk som skal vere hovudmålet ved kvar skule, og at det det same skal gjelde for fylkeskommunen.

· Samisk, kvensk og norsk teiknspråk

Bærum Mållag meiner at retten elevar har til god opplæring på samisk, kvensk og norsk teiknspråk må styrkast, og vi støttar alle dei tiltaka som ligg i lovframlegget.

Bærum Mållag meiner at framlegget likevel har alvorlege brester:

· Parallellklassar

Det er bra at lovframlegget vidarefører retten til opplæring i ei eiga gruppe på barnetrinnet på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, men vi meiner at det er svært uheldig at framlegget gjev kommunen, og ikkje som tidlegare foreldra, retten til å avgjera kva skole som skal gi tilbodet når elevane er spreidde på fleire skolar. Det er opplagt at ei slik endring vil føre til at det blir vanskelegare å opprette nynorskklassar.

· Norskopplæringa

Lovframlegget tek bort retten elevane har til lærebøker på hovudmålet i norskfaget. At denne retten blir teken bort i morsmålsfaget av alle fag, er uforståeleg. Det svekkjer identitesbandet nynorskelevane har til nynorsk når dei ikkje har rett til læremiddel på språket sitt i morsmålsfaget. Slik det allereie er i dag, er mesteparten av tekstmassen i norskfaget på bokmål. Verknaden av endringa vil bli at det blir opna enda meir for bokmål i norskopplæringa av nynorskelevar, med dei opplagde konsekvensane det har for nynorskelevanes høve til å møte nynorsk i norskfaget.

· Digitale læremiddel

I lovframlegget blir læremiddel definert for trongt. Delar av det digitale feltet som er opplagde læringsressursar, blir liggjande i ei gråsone eller fell utanfor. Dermed vil opplæringa av nynorskelevar framleis halde fram med eit stort innslag av læremiddel på bokmål. Dette må strammast opp for at nynorskelevar skal ha ein fullverdig læringssituasjon på eige mål.

· Ordlister, ordbøker og skriveprogram

Bærum Mållag er svært glad for at departementet vil lovfeste at skolen skal bruke skriveprogram som stør både bokmål og nynorsk, og at dei skal følgje offisiell rettskriving. Utan eit slikt krav vil nynorskelevar ha dårlegare opplæringsvilkår enn bokmålselevar. Vil og peike på at lovfestinga vil vera til stor framhjelp for nynorsken reint allment. Kravet vil føre til at dei store internasjonale produsentane av programvarer vil få ei kommersiell interesse av å behandle nynorsk og bokmål likt. Nettopp av desse grunnane kan vi ikkje sjå at det er grunn til å opne for unntak, slik framlegget gjer. Det vil undergrave jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Kravet til produsentane av desse verktøya må vera eintydige og ikkje til forhandling.