Høringssvar fra Jæren Mållag

Dato: 10.11.2021

Jæren Mållag

v / Knut Norddal

Knausen 1

4355 KVERNALAND

Kunnskapsdepartementet

Postboks 8119 Dep, 0032 Oslo

Høyringsfråsegn: Ny opplæringslov

Ved behandlinga av St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining, slutta Stortinget seg til ein språkpolitikk som mellom anna inneber tiltak for å betra nynorsken sin plass i samfunnet generelt og skulen spesielt. I høyringsforslaget til ny språklov er det og poengtert at nynorsk som eit mindre brukt skriftspråk, treng eit anna vern enn bokmål. Etter vårt syn er det viktig at ny opplæringslov skjerpar krava for å hindre diskriminering av nynorskelevar i skulen. Med dette som bakgrunn og utgangspunkt har Jæren Mållag desse merknadene til framlegget til ny opplæringslov:

Val av skriftspråk / målform:

Det er viktig å understreka at det skal informerast om retten til val av skriftspråk/målform på eit så tidleg tidspunkt og på slikt vis at valretten vert reell. Mange kommunar og skular informerer i dag ikkje godt nok før skulestart om denne retten.

Særskilt språkgruppe:

Jæren Mållag er glad for at ny opplæringslov legg opp til at retten til særskilt språkgruppe skal gjelda for heile grunnskulen. I gjeldande lov er det berre elevar på 1. til 7. trinn som har rett til å få gå i eiga språkdelt gruppe. At retten ikkje gjeld for ungdomstrinnet har vore stil stor ulempe for desse alderstrinna. Jæren Mållag vil på det sterkaste oppmoda til at departementet i framlegget til ny opplæringslov held fast ved retten no blir utvida til å gjelda ungdomssteget og. «Oddamodellen» er eit døme på korleis dette kan gjerast. Denne retten er eit viktig nynorsktiltak. Det kan ikkje vera i tråd med overordna språkpolitiske mål at språkrettane skal vera svakare på ungdomssteget. Utvida rett vil også førebyggja taktisk språkskifte i vidaregåande opplæring. Staten bør dekkja kommunane sine ekstrakostnader ved språkdelte klassar gjennom øyremerkt tilskot – talet på elevar med nynorsk og bokmål er jo rapporterte årleg i GSI.

Læremiddel og lærebøker:

Retten til å få lærebøker og læremiddel på eiga målform må sikrast ved overgangen til vidaregåande opplæring. Nynorskelevar må ofte venta mange månader på å få lærebøker på nynorsk. Fylkeskommunen bør leggja opp til ein praksis der elevane får plass i vidaregåande opplæring med den målforma som dei har når dei går ut av grunnskulen. Følgjande bør leggjast til grunn for vanleg praksis: Elevane vert tekne opp i vidaregåande opplæring med den målforma som dei har når dei går ut av grunnskulen.

Parallellitetskravet

Parallellitetskravet om utgåver samstundes både på nynorsk og bokmål må gjelda både lærebøker, ulike læremiddel, kontorstøtteprogram, m.m. og vera absolutt. Ikkje minst må dette gjelda digitale hjelpemiddel som stadig får større plass. Derfor bør kravet også gjelde programvare som blir brukt jamleg. Det er ikkje godt nok med formuleringar som «så langt det er mogeleg».

Kvernaland, 10. november 2021

Med helsing Jæren Mållag

Knut Norddal

Kontaktperson