Høringssvar fra Stord kommune

Dato: 17.12.2021

Høyringssvar frå Stord kommune vedtatt i Utval for oppvekst og kultur 07.12.2021

Merknad til kapittel 2 Rett og plikt til grunnskoleopplæring:

§ 2-4: Stord kommune støttar forslaget om å ikkje krevja sakkunnig vurdering.

Merknadar til kapittel 3 Val av skriftspråk og særskilde språkrettar i grunnskuleopplæringa:

§ 3-4: Stord kommune støttar tydeleg elevmedverknad og eleven sin rett til sjølv å velja slik opplæring på 8.-10.trinn.

§ 3-4 og 3-5: Stord kommune støttar forslaget om å ikkje krevja sakkunnig vurdering.

§ 3-6: Stord kommune støttar forslag om at skulen skal kartleggja norskkunnskapane og jamleg vurdera om eleven kan godt nok norsk.

Merknadar til kapittel 4 Skyss, leksehjelp, SFO, skoletur og overgang frå barnehage til skole:

§ 4-8: Stord kommune støttar forslag om at skulen skal sørgja for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehage til skule og skulefritidsordning.

Merknadar til kapittel 10 Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati og skolereglar:

§ 10-1: Støtter forslag om å lovfesta prinsippet om barnets beste i eiga føresegn. Eleven sine eigne opplevingar må inkluderast når ein skal vurdera kva som er barnets beste.

§ 10-2: For å sikra at alle elevar har høve til medverknad må det leggjast til rette for ulike måtar å uttrykka meiningane sine på. Det må sikrast at medverknaden er likeverdig, særleg må elevar med «svake stemmer» bli høyrde. I alle medverknadsprosessar bør skulen ha plikt til å informera elevane om korleis deira innspel er tatt vidare, eventuelt grunngje kvifor innspela ikkje blir følgt opp.

§ 10-3 og § 10-8: Samarbeid med foreldra må organiserast slik at samarbeidet blir likeverdig for alle, uavhengig av språk, kompetanse eller livssituasjon. Å sikra at foreldra har nødvendig informasjon, kunnskap og forståing er eit viktig ledd i å motverka at sosiale skilnader går i arv. Likeverdig samarbeid kan bety å bruka meir tid/ressursar til einskilde foreldregrupper.

§ 10-4: Skulen er ein svært viktig arena for barn og unge si medverknad i samfunnsutviklinga. Grunnskule og vidaregåande skule bør leggja til rette for at elevane får medverka i saker som er viktige for deira kvardag som heilskap, ikkje berre innanfor skuledagen. Å delta i utviklinga av lokalsamfunnet er grunnleggjande for medborgarskap, demokratisk tenking og samfunnsengasjement. Samtidig er barn og unge sine stemmer viktige for å få til ei god og framtidsretta utvikling. Her har skulen som universell arena ei viktig rolle.

§ 10-5: Brukarorgan som foreldreråd og elevråd er viktige rådgjevande organ for systemretta medverknad både innanfor skulen og i lokalsamfunnet generelt. For aktørar utanfor skulen er lik organisering av slike organ på tvers av skular og kommunar nyttig, då det gjer det enklare å involvera brukarorgana i ulike prosessar, og såleis sikra at perspektivet til barn/unge og barnefamiliar kjem fram.

§ 10-6: Pålegg om å gjera oppgåver utanom skuletid kan medføra ekstra belastning for elevar og/eller familiar som permanent eller i periodar har utfordringar i kvardagen. Auka stress kan føra til redusert meistring og gi større risiko for helseutfordringar. Det bør difor vera rom for fleksible ordningar som tar omsyn til heilskapen for eleven.

Merknadar til kapittel 11 Arbeidet for å sikre at elevane har tilfredsstillande utbytte av opplæringa:

Når det gjeld kapittel 11, hadde ein venta seg eit langt tydelegare lovforslag. I 2017 vart fagfeltet lova ein reformasjon av spesialundervisinga (Røe Isaksen i Dagsnytt 18). Utkastet minnar meir om «keiserens nye klær». Skifte av omgrep (frå spesialundervisning til individuelt tilrettelagt opplæring) gjev ingen reformasjon. Ordlyden i lovforslaget er nær den same som i eksisterande § 5-1. Skulen må få ein langt tydelegare og vidare plikt i § 11-1. Og det må vera ein langt tydelegare avgrensing av kva elevar som er aktuelle for § 11-6. I forslaget er det alt for mykje rom for skjønn og ressurspresset som ekspertutvalet v/Thomas Nordahl omtalar er i for liten grad vektlagt. Den skjønnbaserte opninga lovforslaget har vil gje eit stort press mot sakkunnig vurdering. Då er PPT i same situasjon som før. Det er vurderingar knytt til opplæringslova § 5-1 som gjev PPT eit stort byråkratisk skrivearbeid (ikkje dei få knytt til andre nemnde paragrafar). Når det er ønske om at PPT skal gå frå kontor til klasserom/sandkasse (Meld. St. 6), må det komma tydelegare fram kva som skal til for å be om sakkunnig vurdering.

Lovforslaget legg opp til at ein i det vidare skal gjera begge deler. Det vil sei same omfang sakkunnig vurdering og nye oppgåver i § 11-13. Det går ikkje i hop dersom tenesta ikkje skal få auka bemanning eller stillingsnorm.

Stord kommune støttar forventningane gjeve i § 11-13, men under føresetnad av at mengde sakkunnig vurdering knytt til § 11-7 vert vesentleg redusert. For å få dette til må lova ha ei tydeleg avgrensing.

Stord kommune ber om klare krav til kva skulen skal gjera, jamfør § 11-1.

Stord kommune støttar kompetansekrav, jamfør § 11-9.

Stord kommune støttar forslaget om å ikkje krevja sakkunnig vurdering når det gjeld innhald i § 11-4, 11-5 og 11-12.

Merknadar til kapittel 15 Opplæringsspråk, læremiddel og skolebibliotek:

Om digitalisering:

Digitalisering av norsk skule er positivt og nødvendig. Men samstundes har digitaliseringa gjort at nynorskelevane i dag ser mindre nynorsk i skulekvardagen enn før. Som Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har peika på ved fleire høve dei siste åra, er dagens situasjon uhaldbar. Kommunane og fylkeskommunane blir sette i ein umogleg situasjon, der dei må velja mellom å bruka dei beste verktøya og ressursane – ofte berre utvikla på engelsk og/eller bokmål, eller vera prinsippfaste og velja mellom dei få tilboda som er tilgjengelege på nynorsk – og såleis kanskje risikera å gje elevane sine eit dårlegare tilbod enn det elevar på bokmålsskular får.

Heilt sidan parallellitetskravet kom inn i lova, har forlag og andre læremiddelprodusentar funne kreative måtar å omgå kravet på. Digitaliseringa har gjort dette enklare og meir utbreidd enn nokon gong. Kommunane og fylkeskommunane må sjølvsagt vera medvitne om ansvaret sitt for å sikra at parallellitetskravet blir etterlevd, men det trengst sterkare lovformuleringar for å støtta opp om dette arbeidet.

Stord kommune støttar LNK i at læremiddelparagrafen i den nye opplæringslova må få ein forskriftsheimel. Heimelen bør leggja til rette for sentralt regulerte ordningar som vil gjera det lettare for kommunane og fylkeskommunane å etterleva krava i lova. Då kan kommunane og fylkeskommunane mykje enklare sjå om dei oppfyller den retten elevane har til å få alle læremiddel på hovudmålet. Slike nasjonale ordningar kan til dømes vera eit sentralt læremiddelregister, der kommunane og fylkeskommunane enkelt kan skaffa seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk. Registeret må omfatta alt som finst av læremiddel; ut frå ein ny definisjon som samlar under eitt det som i dag vert kalla læremiddel, læringsressursar og læringsverktøy. Registeret må sjølvsagt omfatta både trykt og digitalt tilfang som skal brukast i skulen.

Med “læremiddel” er det viktig å ta med alle dei digitale verktøya som vert brukte i skulen.

LNK ventar at digitalt utstyr og programvare – inkludert administrativ programvare (kontorstøtteprogram), læringsplattformer, operativsystem og liknande – vert definert som læremiddel og underkasta parallellitetskravet. Dette for å kunna gje elevane like vilkår i språkopplæringa, vilkår som dei treng og har rett på, uavhengig av om hovudmålet er bokmål eller nynorsk.

Som nemnt er det ein tydeleg tendens til at dei som utviklar læremiddel utnyttar den utydelege skilnaden mellom omgrepa «læremiddel» og «læringsressursar» for å omgå parallellitetskravet. Dette må lovteksten hindra, ved å inkludera «læringsressursar utvikla til bruk i skolen» i parallellitetskravet. Dette tillèt at ein som før kan bruka bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men at dei ressursane som til dømes er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på begge skriftspråk til same tid og pris.

Framlegg til endring i lovteksten:

§ 15-3, andre avsnitt, andre setning. Endre til: «Krava gjeld for læremiddel som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget, samt læringsressursar utvikla til bruk i skolen.»

Om digitale verktøy:

LNK ser at ein lovtekst som inkluderer alle digitale verktøy i parallellitetskravet kanskje vil kunna skapa andre utfordringar for kommunane. Intensjonen er god, men vil krevja presise lovformuleringar. Erfaringa LNK og andre organisasjonar har med teknologiprodusentane så langt, syner at me treng ei lovformulering utan smotthol for å oppnå reell endring. Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda plutseleg skulle gjennomføra fjernundervising. Dette arbeidet vart i Noreg leia av amerikanske teknologigigantar, som det i praksis er umogleg å koma utanom for norske skular i dag.

Stord kommune støttar LNK i å be om at ein i forskriftsheimelen tek stilling til ansvarsfordelinga. Tydelegare statleg styring gjev høve til betre kvalitetssikring av læremiddel. Når ansvaret for å gå god for kvaliteten på læremidla er isolert lokalt, blir det vanskeleg å få gjennomslag hjå store, ofte internasjonale leverandørar.

Lovteksten, slik han ligg føre, vil i praksis bety at det er nynorskkommunane og fylkeskommunane som må driva kampanje overfor teknologiselskapa. Men alle elevar (til dømes dei med nynorsk som sidemål) vil ha stor nytte av skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, så dette bør vera noko som blir takla på nasjonalt nivå, ikkje berre i nynorskområde. Det å leggja opp til at einskildkommunar/skuleeigarar skal arbeida direkte opp mot internasjonale selskap er naivt, og i beste fall lite effektivt.

For å få bukt med problemet, trengst det difor ein lovtekst som seier at det blir ulovleg å kjøpa inn skriveprogram som ikkje støttar både bokmål og nynorsk, til bruk i skulen. Dette vil kunna auka presset på teknologiprodusentane.

Framlegg til endring i lovteksten:

§ 15-4, andre avsnitt. Endre til:

«Skulen skal bruka skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell norsk rettskriving.»

Om norskfaget:

Stord kommune støttar LNK i at ein må styrkja formuleringane i lovteksten som regulerer tilhøvet mellom dei norske språka i læremidla for norskfaget. Følgjande formulering er henta frå § 2-5 i eksisterande opplæringslov og er ikkje endra i det nye lovutkastet: «I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet». Ein konsekvens av dette kan vera at nynorskelevar, med denne lovteksten, risikerer å få bøker på bokmål i faget norsk gjennom heile skulegangen, heller enn bøker med innslag av bokmål, som truleg er intensjonen. Dette må justerast i den endelege lovteksten.

Departementet skriv i høyringsnotatet: «Departementet mener at det viktigste er at dagens regelverk sikrer at summen av tekstene elevene møter i norskfaget, er godt fordelt mellom bokmål og nynorsk. Dette sikres i dag gjennom læreplanen i norsk.» Dette er ikkje tilstrekkeleg for å sikra nok nynorsktekstar i undervisinga og læremidla, særleg for nynorskelevane. Ei fersk masteroppgåve av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret (https://hdl.handle.net/11250/2780787) syner til dømes at eit stort fleirtal av tekstane i lesebøkene til nynorskelevane i ungdomsskulen er på bokmål. Det gjev nynorskelevane eit dårleg utgangspunkt for å læra hovudmålet sitt godt. Lovteksten bør difor spesifisera at læremiddel og tekstar på hovudmålet skal vera hovudregelen i norskfaget, og at alle unntak frå denne hovudregelen skal vera grunngjevne i læreplanmål.

Framlegg til endringar i lovteksten:

§ 15-3, siste avsnitt. Legg til: «I norskfaget skal elevane ha læremiddel på hovudmålet sitt, men med nok tekstar på sidemålet til å at dei kan oppnå kompetansemåla i dette faget.»

Om ordlister: § 15-4: Dei norskspråklege trykte og digitale ordlistene og ordbøkene skulen brukar skal vera godkjende av Språkrådet.

Merknad til kapittel 24 Samarbeid, samordning, opplysningsplikt og anna:

Det er ei feilskriving i § 24-4 som må endrast. Det vises til å samtykkja til spesialundervisning. Det ligg føre forslag om å endra til «Individuell tilrettelagt opplæring» som omgrep. Då må det gjelda også i § 24-4.

Merknadar til kapittel 26 Kulturskole, karriererettleiing og ulykkesforsikring:

Det er litt vanskeleg å sjå fellesnemnaren for dei tre punkta i kapittel 26 som er «Kulturskole, karriererettleiing og ulykkesforsikring».

Stord kommune kjem med framlegg om at kulturskulen bør ha eit eige kapittel i lova. § 26-1 kan med fordel verta delt i to punkt, høvesvis a) Kulturskule og b) Nulltoleranse og førebyggande arbeid.