Høringssvar fra Norges Handikapforbunds Ungdom

Dato: 17.12.2021

Høyringssvar på forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Generell merknad

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) støttar høyringssvaret levert av Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO).

Vi mener at barn og unge med nedsett funksjonsevne er like unike og forskjellige som alle andre barn og unge og forvaltninga i alle ledd må dokumentere at barnet blir høyrd, at prosessar er effektive med omsyn til barnets forståing av tid og barnets utvikling, at fakta i saken er klar samt at den juridiske subsumsjonen er basert på Barnekonvensjonens momentliste.

Det vises til GC/14 para 50 om omsynet til barnets beste (art. 3), omsynet til barnets egne synspunkta (art. 12), omsynet til barnets identitet (art. 8) og omsynet til barnets familiemiljø og opprettholdelse av relasjonar (art. 8 og 9), omsynet til omsorg, beskyttelse og sikkerheit og omsynet til barnets sårbarheit (art. 39) omsynet til barnets rett til helse (art. 24), omsynet til barnets rett til utdanning art. 28 og 29) og rett til optimal utvikling (art. 6) som gjelder fysisk, psykisk, moralsk, åndeleg, sosial og psykologisk utvikling.

Kommunane må få tilstrekkelege ressursar slik at dei kan tilby gode tenester til barn og unge. Alle tilsette i skole må ha relevant utdanning.

Barnehagen er eit godt utgangspunkt til å danne framtidig sosialisering med jevnaldringar. Her er gapet mellom alminnelege barn og barn med nedsatt funksjonsevne minst og dermed eit godt tidspunkt for å opptre på likefot størst. Dette må støtteapparatet vere bevisst på og bruke aktivt. Det vises og til Tøssbro (2020) der ein fann at 90 % av barn med nedsett funksjonsevne var inkludert i barnehage, deretter var det 50 % inkludering i barneskole, 50 % ekskludering i ungdomsskole og 70 % ekskludering i vidaregåande skole.

Skole er ein arena der alle barn er tilstande. Det å føle seg som ein del av fellesskapet er grunnleggande for å oppnå formålet i opplæringslova om å opne dører til verda og framtida (oppll. § 1-1, 1. avsnitt) og å støtte barn til å meistre liva sine og delta aktivt i arbeid og fellesskap i samfunnet. (5. avsnitt). I Noreg i dag, er det ofte hindringar som gjer at barn med nedsett funksjonsevne ikkje får moglegheit til å gå på sin nærskole. Negativ haldning frå rektor eller kommune ifht. kostnadskrevjande ombygging og manglande ressursar, gjer at mange foreldre er villig til å ta inn barna sine på spesialskole. Dette medfører at mange barn med nedsett funksjonsevne mister sitt sosiale nettverk med jevnaldrande frå barnehagen og nærmiljøet der ein bur. Derimot er det mange barn som ikkje blir inkluderte, men som står utanfor både det faglege og det sosiale fellesskapet. Dette gjeld særskilt barn med nedsett funksjonsevne. I Noreg bryt ein dermed BK art. 2 om retten til ikkje-diskriminering og art. 6 om retten til optimal utvikling. Det å stå utanfor eit sosialt fellesskap, eller å være segregert, vil seie at en ikkje har en naturlig tilhøyrsle i skolens fellesskap, slik at ein ikkje får moglegheit til å optimalisere sitt potensiale.

NHFU sluttar seg til at tilsette på skolen skal ha høgare kompetanse og at personar med høg kompetanse som ikkje er lærarar kan gi individuelt tilrettelagt opplæring om det vil gi eleven betre opplæring.

Det bør og vere ein rett til å gå på næraste/mest praktiske skole og på vidaregåande skole. Dette kan føre til at fleire kan fullføre vidaregåande opplæring. Det bør fastsetjast at lokale forskrifter om inntak skal ta omsyn til reiselengde og reiseveg, særleg til elevar med nedsett funksjonsevne. Det er og fornuftig at skyss er regulert slik at kvar fylkeskommune må ta omsyn til BK sine artiklar om omsynet til fritid og kvile. I dag er for mykje av skyssen basert på lavast mogleg kostnadar – og dette er i mange tilfelle ikkje foreinleg til kva ein elev med nedsett funksjonsevne kan klare i kvardagen der ein og skal prestere på skolen. I dag er kombinasjonen med inntak på skole langt vekke frå heimen og eit dårleg skysstilbod med fylkeskommunen (mykje venting, fulle bussar og bussbytte som tek tid) medverkande faktorar til at elevar ikkje klarer å fullføre vidaregåande opplæring/ og får negative konsekvensar som verkar inn på psykisk helse. Ei anna løysing er at inntaket kan vere eit enkeltvedtak med klageadgang slik at elevar kan klage på inntaket og få saka prøvd av Statsforvaltar.

Skyssen må vere god og effektiv, utan byte av buss og mykje venting. Det bør vere eit skysstilbod til barn og unge som skal på SFO og i skoleferiar. Det bør vere rett til følgje på ordinær skoleskyss utan at ein først må konstatere behov for følgje i drosje.

Når det gjeld læreplanar i skole er det i dagens opplæringslov krav om at ein skal fatte vedtak om fritak frå læreplanar. Det er bra, ettersom dette gir en rett som der er klageadgang til. Samtidig bør ein vere varsam med å fatte vedtak om fritak frå læreplan i heilskap. Ein bør angi konkret kva delar eleven skal bli friteken frå og kvifor. Alle barn har rett til å lære. Barn og unge med nedsett funksjonsevne må få lære så mykje som mogleg ut i frå den ordinære læreplanen.

Når det gjeld vidaregåande opplæring er rett til inntak til særskilt utdanningsprogram noko som departementet må arbeide godt med for å få til gode arenaer for inkludering. Ein bør vurdere å kalle utdanningsprogrammet noko anna – til dømes universelt utdanningsprogram som då peikar på at ein skal få ei brei og generell utdanning i vidaregåande. Omgrepet særskilt utdanningsprogram som blir nytta i dag, kan gje stigmatiserande assosiasjonar. (Avvik frå læreplanar ekskluderande sett i forhold til å få delta i eit ordinært programfaglaup.) Dette vil seie at departementet bør seie noko spesifikt i forskrift og direktoratet bør lage ei rettleiing til korleis gjennomføre god inkludering av elevar som går særskilt utdanningsprogram. Eit forslag kan vere å inkludere elevar med særskilt utdanningsprogram i timar saman med elevar frå praktisk/estetisk studieprogram, som teikning, kokkelinje og drama. Ein kan og lage eit særleg emne som elevane ved andre studieprogram kan velje; til dømes fadderordning der ein skaper gode arenaer for å bli kjend og har aktivitetar saman med elever frå særskilt utdanningsprogram samen med elevar frå andre program.

Fritak frå karakter må ikkje vere ekskluderande i forhold til å få lærlingplass. Ei klage til Statsforvaltar kan ta lang tid og ein kan i verste fall misse eit skoleår. Dette er ikkje i tråd med individuelt tilrettelagt opplæring/universell opplæring og ein inkluderande praksis.

NHFU ønsker inkludering på agendaen for vidaregåande opplæring og at dette kjem tydeleg fram i lovverket slik at ein kan endre praksis. Noko av lovutvalet sine presiseringar for den nye lova er den krev god implementering og at ein vil styre kommunane der det er nødvendig. Her er ei anledning til å endre ein systematisk utestengande praksis for elevar med nedsett funksjonsevne i skolen som er den viktigaste arenaen i livet for alle barn og unge.

Barn med nedsett funksjonsevne må og få delta aktivt i skolekvardagen og bli lytta til. Elevane må få lære å sette grenser og lære om eigen kropp. Dette er viktig til dømes ved assistanse i stell-situasjonar. Dei må og få lære korleis ein kan få hjelp og dette må skje på ein systematisk og forskingsbasert måte. Med bakgrunn i at desse barna er sårbare for vald og seksuelle overgrep, bør slik systematisk opplæring ikkje vente til de blir eldre.

Det vil vere behov for kvalitetssikring i krav om førehandsgodkjenning for heimeundervisning både i omsyn til opplæring og kompetansekrav. Det må vere eit forhøgja ansvar i tilfelle der kommunen gir fritak frå karakterar. Det er naturleg at det er rektor på nærskolen som har ansvaret for tilsyn og prøve elevane i læreplanen- samstundes må dette vere i nært samarbeid med PPT og StatPed. Ein må og vere særleg bevisst på eleven sitt behov for eit sosialt liv.

Det bør framleis vere leirskole og då ei fortsett plikt, slik at dette er ein del av opplæringa. Det må følgje pengar med denne plikta. Alle barn må ha tilbod om den same opplevinga. Herunder er det viktig å sikre at leirskolane er for alle, og for dei med ekstra behov. Inkluderingstanken må vere med heile vegen. Det bør ikkje leggast opp til segregerte skoleleirar.

Det er fint at det presiserast at teiknspråk og alternativ kommunikasjon kan vere språkrettar for dei som har behov for det Det er positivt at ASK blir vidareført. NHFU støtter utredning til tilleggstima til opplæring i ASK. Vi støtter ikkje at ASK blir flytta frå kap. 2 om ret til grunnskoleopplæring og kap. 3 om rett til vidaregåande opplæring, til kap. 11 om å gi elevane tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Teiknspråk og ASK står i same kapittel i dag og dette viser at det er samanheng mellom desse. Å flytte ASK til eit anna kapittel om tilrettelegging reduserer statusen til Ask i forhold til teiknspråk, sjølv om ASK for mange er like grunnleggande for å kunne kommunisere som teiknspråk er for teiknspråkbrukarar. Dette står og i forhold til endringane om sakkyndig vurdering for hjelpemidlar. Korleis skal dette fungere for ASK? Det er ofte behov for hjelpemidlar for å kunne nytte ASK, til dømes talemaskin. Det er uheldig om PPT ikkje skal involverast då skolane ofte kan ha svært lite kompetanse på dette området.

Dersom engelsk skal vere eit valfritt språk i grunnskolen, korleis skal dette organiserast for dei barna som har fritak frå engelsk? Desse barna må og få ein moglegheit til å delta og å få tileigne seg element av verdsspråket engelsk.

Sjølv om det kan gje smidigare løysingar for PPT å få si rolle endra, der ein kan velje å skrive færre sakkunnige vurderingar og PPT då får frigitt meir ti då ein ikkje må skrive sakkunnig vurdering for tidleg/utsett skolegang og opplæring i punktskrift, tekniske hjelpemidlar og mobilitet, må elevane si rettstryggleik vere faktisk og prosessuelt sikra. Dette særleg med omsyn til universell utforming, fysisk assistanse og fysisk tilrettelegging. Det må vere tydelege føringar for kommunane for korleis ein organiserer fysisk tilrettelegging, fysisk assistanse og individuelt tilrettelagt undervisning/ universell opplæring for å unngå ei fragmentering av rettane. Det blir spesifikt vist til føremålet med ny opplæringslov med å gi betre rettar for barn, unge og vaksne i utdanning.

NHFU er positivt til lovfesting av forsvarlegheitskravet. I praksis må forsvarlegheitskravet vere ein tryggdomsventil for å fange opp uforsvarleg praksis dersom det er uklart om det føreligg brudd på rettar slik at ein ivareteke betre barn og unge i skole.

Som nemnd over, er det foreslått nye omgrep i opplæringslova. Det kjem ikkje naturleg fram at kap. 11 om universell opplæring omhandlar inkluderande praksis. Det kjem heller ikkje fram tydeleg at omgrepet gjeld det pedagogiske og etiske arbeidet. Mange assosierer universell opplæring med kun fysisk tilpassing og tilrettelegging. Dette må departementet ha med seg. NHFU foreslår at ein nyttar omgrepet inkludering i lovtekst, slik at det kjem tydelegare fram for dei som er brukarar av lova, både barn, unge, vaksne, føresette, lærarar og leiarar, kva ein bygg omgrepa sine på. Tøssebro viser at det er ei negativ trend frå inkludering i barnehage til meir og meir ekskludering frå ungdomsskole og vidaregåande.

For å bidra til inkludering i skolen, bør Noreg ta inn viktige element frå art. 24 i konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (CRPD), da sjølv ikkje den anerkjende BK har klart å bidra til god inkludering i skole. I BK er ikkje inkludering i skolen ein konkret angitt rett, medan dette er adressert i konvensjonen for personar med nedsett funksjonsevne (sjølv om dette går fram i uttale frå Barnekomiteen er likevel CRPD tydelegare). CRPD er viktig for å komplimentere BK art. 23. I konvensjonen går det tydeleg fram at barn har rett til særleg ivaretaking «in interactions with various barriers», (se GC nr 9/2006) altså ein skal legge opp til ei breiare og open forståing av omgrepet funksjonsnedsettingar. I kommunar i Noreg i dag, er dette ei utfordring, då reine medisinske forståingar av «nedsett funksjonsevne» framleis er utgangspunktet, sjølv om ei slik snever forståing ikkje kan lesast ut av BK art. 23.

For å skape ein inkluderande skole, må skolesystemet leggast om – dette vil gjelde undervisningsmåtar og skolestrukturar, sjå art. 24 i CRPD. Ein slik prosess treng overvaking og rettleiing. Det bør og vere rutinar for rapportering om inkludering med faste indikatorar slik at og desse prosessane kan inngå i kommunanes kvalitetsstyringsarbeid. I forsking frå NTNU Trondheim «På veg mot inkludering?» (2020) går det fram at dei tilsette må oppleve tilknyting og forplikting for å drive ein inkluderande skole. Alle elevar må ha ein naturleg plass i eit alderstilpassa klasserom. Lærestoff, vurdering og undervisning må vere tilpassa slik at alle får tilpassa opplæring ut i frå sine føresegner. Det må vere ein avklart aksept for å vere slik som ein er. Alle må ha tilgang til skolen og klasserommet. Støttesystem som PPT, StatPed og BUP må vere tilgjengeleg. Skolen må ha tilstrekkelege ressursar. Leiarar på alle nivå; frå stat til klasserom, må forstå inkluderingstanken og vise gjennom handling at ein forpliktar seg til ein inkluderande opplæring i skolen.

Noreg må arbeide aktivt med inkludering og opplæring av mangfaldet i samfunnet av ulike personar med nedsett funksjonsevne og deira historie og rettar i heile opplæringsløpet, samt drive opplæring i Barnekonvensjonen, ikkje berre som tavleundervisning, men og praksisbasert, sml BK art. 29. Dette er det opning for i den nye generelle læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane og dette ligger i dag ikkje inne som mål. Der er gode døme på korleis ein kan arbeide på denne måten. I eit studie utført av Universitetet i Gaziantep i Tyrkia (2017) arbeidde ein med BK og knyta det til leik, rolleleik, prosjekt, systematisk samarbeid med heim. Resultatet var auka kunnskap og forståing både for barna og foreldra på ein slik måte at skolekulturen positivt vart forbetra. Meir om inkludering under endring i omgrep i kap. 11.

Barn med nedsett funksjonsevne som har behov for ein del personleg assistanse må få lære gode mestringsstrategiar slik at ein ikkje blir opplært til hjelpeløyse. Dette inneberer å gjere så mykje som mogleg sjølv.

NHFU ber om at omgrepet inkludering blir teke inn i kap. 11. Eit forslag kan vere; Alle elevar har rett til å vere ein del av eit klassefelleskap. Eit forslag til ny § 8-2: Organisering skal ikkje skje etter fagleg nivå.»

Forslag om forsterka innsats er positivt. Dette bør det og vere anledning til etter 4 trinn og det bør skje saman med andre elevar, slik at ein ikkje blir teke ut på eige rom saman med ein vaksen. Intensiv opplæring i vidaregåande bør vere rettigheitsfesta. I forslaget er det lagt fram til å vere opp til skolane og det er negativt for rettstryggleiken til elevane.

Det er positivt at 9 av 10 skolar har prioritert skolebibliotek. NHFU vonar at ein fortsett med denne ordninga. Dette er ein viktig ressurs for elevar med nedsett funksjonsevne.

Retten til kvile og fritid i diskusjonen av lekser er like aktuell i høve lang ventetid grunna skyss etter skolen. Forsking viser at regulering av arbeid og kvile er viktig for alle. Dersom elevar med kognitiv funksjonsnedsetting skal ha lekser, må leksene vere tilpassa både i forhold til omfang og rettleiing til føresette slik at elevane kan få best mogleg utbytte.

Barneombodet viser til at 48 % av unge med nedsett funksjonsevne opplever krenkingar i skulesamanheng (Olsen mfl. 2016). I arbeidet rundt retten til trygt og godt skolemiljø som er foreslått i kap. 11, er det ei føresetnad til at ein må arbeide for at samfunnet skal bli meir inkluderande. Dette gjeld og på fritid og for fritidsaktivitetar. Det er viktig at ein fortset å arbeide med haldningar om at det er elevane si subjektive oppleving som er utgangspunktet. Det må og bli arbeida med sårbarheit i vaksne og korleis dette kan påverke arbeid med barna. Det er eleven som skal definere om han kjenner seg krenka – då må elevane få støtte til å setje grenser og få oppleve at grenser blir respektert. Elevane må og få hjelp til å setje ord på det som er vanskeleg og få trøyst.

I skolemiljøet som heilskap, bør ein fokusere meir på korleis ein skal vere som gruppe. Folk er forskjellige. Det er viktig å arbeide med det førebyggande og sosial kompetanse. Korleis skal vi vere i klassen? Korleis skal ein elev med kognitiv funksjonsnedsetting eller ein elev som har vanskar med å setje ord på kva som er vondt få hjelp til å seie frå? Kva er krenking av elevar med nedsett funksjonsevne? Er det ikkje systematisk krenking når ein ikkje får vere ein del av klassemiljøet? Det krev kompetanseheving og arbeid med haldningar. Kap. 11 er eit viktig kapittel for barn med nedsett funksjonsevne. Dette må betre fram i lova slik at kommunane får med eit vern av desse barna sin rett til eit inkluderande, trygt og godt skolemiljø og at kap. 11 skal kunne bli eit reiskap for å verne om elevar med nedsett funksjonsevne.

Det bør føreligge ordningar for å økonomisk sanksjonere skolen/kommunar i tilfelle der skolen/kommunen ikkje oppfyller sine plikter. Dette kan ikkje berre knytte seg til kap. 12, men og til kap. 11.

Når det gjeld avverging/ bruk av tvang, må det føreligge spesifikke dokumentasjonskrav, som inneber krav til å føre avvik, tiltak og oppfølging. Det bør spesifiserast at skolane må vere særleg varsam i bruken av tvang /fysiske inngrep og at dette kun kan nyttast når det er nødvendig. Dette vil seie for å unngå skade på seg sjølv eller andre, samt vesentleg skade på eigedom. Tvang skal ikkje vare lengre eller nyttast større intensitet enn nødvendig. Bruk av tvang er særleg problematisk i forhold til elevar med nedsett funksjonsevne. Mange barn og unge med kognitiv funksjonsnedsetting klarer ikkje å seie frå om kva som har skjedd til føresette. Dette må ein ta sterkt omsyn til og formulere lovtekst slik at desse barna får eit særleg vern. Rektor må ha opplysningsplikt til føresette om bruk av tvang. Ved bruk av tvang meir enn ein gong, bør det vere dokumentert gjennom eit enkeltvedtak slik at føresette har klagerett.

Avslutningsvis stiller vi spørsmål til korleis oppfølging til barn og unge samt familiane deira skal bli styrka i høve heilskapleg og samordna tenester, slik at dette er klart for kommunane. Ein stiller og spørsmål til kvifor bruken av velferdsteknologi til barn og unge ikkje har blitt prioritert. Dette trengs og dømer kan vere VR- briller til barn som er for sjuke til å delta på tur, robotar der ein kan vere nærare klassa om ein ikkje kan vere tilstades. Meir velferdsteknologi kan bidra til meir tilhøyrsle og ei ei betre utdanning.

Takk for moglegheita til å svare på høyringa.

Beste helsing

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU)