Høringssvar fra Norsk Målungdom

Dato: 20.12.2021

Høyringssvar frå Norsk Målungdom til Framlegg til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Norsk Målungdom (NMU) organiserer ungdom frå heile Noreg i arbeidet for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, og for å fremje nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Vi er glade for høvet til å komme med innspel til framlegg til ny opplæringslov og endringer i friskolelova.

Høyringssvaret til Norsk Målungdom står i prioritert rekkjefølgje, der dei viktigaste krava våre kjem først. Opplæringslova er ei heilt sentral språklov og difor avgjerande for kåra til nynorsken. Det er på opplæringsfeltet store delar av språkpolitikken blir utøvd. Framlegget til opplæringslov er nokre skritt på vegen for å sikre nynorskelevane like god opplæring som bokmålselevane, men det trengst fleire skritt for å sikre ein rettferdig skule.

Den nye språklova trer i kraft 1.1.2022. Denne slår i større grad enn mållova fast ansvaret det offentlege har for språkpolitikken og det særlege ansvaret staten har for å fremje det mindre brukte språket. Det tyder at situasjonen for nynorsk skal vurderast i all politikkutvikling der norsk språk er relevant.

1.0 Læremiddel

I høyringsbrevet skriv departementet:

[...] særlig viktig for elever med nynorsk som hovedmål. Denne elevgruppa har liten tilgang til hovedmålet sitt i hverdagen, og skolen spiller derfor en enda viktigere rolle for språket til elevene.

Sitatet er henta frå delen om språkdelte grupper. Argumenta i sitatet er også bakgrunnen for kvifor lovteksten om læremiddel er spesielt viktig for nynorskelevane. Denne delen av lova teiknar i stor grad opp bilete over kor mykje av språket sitt elevane skal få sjå i skulen. For elevane med nynorsk som hovudmål er det naudsynt at det er så mykje som mogleg. Difor må det inn forbetringar i lovteksten.

1.1 Skriveprogram i skulen

Norsk Målungdom er glade for at ein lovfestar at ein berre skal bruke skriveprogram som stør nynorsk og bokmål i skulen. Men denne lovfestinga gir lite verknad når den blir etterfulgt av formuleringa «så langt det er mogeleg». Den store delen av skrivetreninga skjer i skriveprogram der stavekontrollen er eit godt hjelpemiddel. Det er også eit hjelpemiddel som vil følgje dei vidare i livet. Ein kjenner i dag til at mange av skriveprogramma gir dårleg støtte for norsk, og spesielt nynorsk. Valfridommen i dei norske språka gir store moglegheitar for språkbrukarane. Desse blir tatt vekk av skriveprogram som i stort mon aldri tek inn dei meir uvanlege formene. Elevar skal ha moglegheita til å utvikle si eiga skriving. Uklare lovtekstar er ikkje løysinga på dette. Vi treng ein lovtekst som klart seier kva som er kravet til skriveprogram, og som sikrar at skulen er rettferdig både for elevar med nynorsk og bokmål. Ein klar lovtekst er også til hjelp for kommunane i innkjøpsprosessen.

Framlegg til ny ordlyd § 15-4 andre avsnitt:

Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer heile den offisiell rettskrivinga.

1.2 Definisjonen av læremiddel

Det er gledeleg at definisjonen av læremiddel blir noko oppdatert, men NMU meiner det framleis er ein lang veg å gå for språkleg rettferd i skulen. Parallellitetskravet er ein sentral del av den språklege jamstillinga i skulen. Gjennom dette kravet gir ein langt på veg nynorskelevar den same moglegheita for opplæring som bokmålselevar. At parallellitetskravet berre gjeld læremiddel, gjer at læremiddel-definisjonen er sentral. I framlegget blir læremiddel definert som 1) trykte eller digitale, 2) dei er utvikla til bruk i opplæringa, 3) dei blir brukt jamleg i opplæringa, og 4) dei tar for seg vesentlege delar av læreplanen i faget. Norsk Målungdom meiner dette skapar for lite rom til kva som er definert som læremiddel, og med det står under parallellitetskravet.

Vi er uroa for at dette kan bety at mykje av det skriftlege eleven møter gjennom ein skuledag ikkje treng vere på hovudmålet til eleven. Om lovverket skal legge til rette for ein skulekvardag der læring også skal skje gjennom læremiddel som kjem utanfor definisjonen, må lovverket sette rammer for dette òg. Det kan ein gjere gjennom å setje prosenthinder til kor mykje bokmål nynorskelevane skal sjå gjennom undervisninga. Lova bør også seie at eleven skal i hovudsak møte hovudmålet sitt i undervisinga, og at dette gjeld spesielt elevane med nynorsk som hovudmål.

Framlegg til ny ordlyd i § 15-3. Læremiddel:

I norsk og samisk kan skolen berre bruke læremiddel som følgjer offisiell rettskriving.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det i opplæringa berre blir brukt læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Med læremiddel meiner ein alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som vert brukte i opplæringa for å nå kompetansemåla i læreplanverket. Krava gjeld for alle digitale og ikkje-digitale verktøy som er laga for opplæringssiktemål eller som blir brukte i opplæringssiktemål. Unntak frå lova må vurderast og grunngjevast særskilt.

Krava gjeld ikkje

a) læremiddel i faget norsk

b) læremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevar

c) læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del

1.3 Andre innspel

Lovframlegget føreslår å vidareføre eit unntak frå kravet om at læremiddel skal liggje føre på både nynorsk og bokmål for fag med under 300 elevar per kull på landsbasis. NMU meiner primært at kravet bør utvidast til å også gjelde for slike fag. Eit alternativ er at læremiddel i desse faga kan vere språkdelte, med éin del på nynorsk og éin del på bokmål. Det er viktig at både bokmåls- og nynorskelevar får møte språket sitt i alle faga dei tar på skulen, også dei små. Det blir vist til økonomiske og praktiske grunnar for unntaket. NMU meiner at dette ikkje er til hinder for sekundærstandpunktet vårt om språkdelte læremiddel i små fag.

NMU har etterlyst ei godkjenningsordning for læremiddel. I utgreiinga før lova vart det vist til at det tidlegare har vore ei nasjonal godkjenningsordning av læremiddel som vart avvikla i juni 2000. Dei viste til at denne ordninga vart kritisert av Ytringsfridomskommisjonen i NOU 1999: 27, og at det vart argumentert for at det er læreplanen som skal vere styrande for undervisinga, ikkje lærebøkene. NMU er samde i at val av læremiddel er ein del av det profesjonelle ansvaret til lærarar, men kan ikkje sjå at ei kontrollert liste som fortel kva læremiddel følgjer lova, bryt med dette. Ansvaret for lista kan til dømes Utdanningsdirektoratet sitje med. Dette bør også vere ei liste som stadig blir oppdatert. Ei slik liste vil gjere at ikkje kvar einaste skuleeigar står aleine med ansvaret for å skaffe seg oversyn over kva som ligg føre på både bokmål og nynorsk. Dette er ei oppgåve skuleeigarar i dag seier er umogleg å følgje opp.

2.0 Retten til særskilde skriftspråkgrupper

NMU er særs glade for at framlegget til ny opplæringslov har vidareført retten til å gå i særskilt skriftgruppe frå 1.–7. trinn, og også føreslår ei vidare utviding av retten til 10. trinn. I høyringsbrevet skriv departementet:

Denne retten er særlig viktig for elever med nynorsk som hovedmål. Denne elevgruppa har liten tilgang til hovedmålet sitt i hverdagen, og skolen spiller derfor en enda viktigere rolle for språket til elevene.

Norsk Målungdom stiller seg bak desse argumenta. Dette er eit viktig gjennomslag for nynorskelevane som er busett i randsonene for dei nynorske kjerneområda. At elevane kan gå i klassar der hovudmålet deira er undervisningsspråket ut heile grunnskulen, er eit naudsynt tiltak for å skape trygge språkbrukarar. Norsk Målungdom håpar å sjå at dette framlegget blir med vidare gjennom prosessen med opplæringslova, og blir vedtatt i den ferdige lova.

2.1 Plassering av skriftspråkgrupper

Moglegheita for å opprette eiga skriftspråkgruppe når det er fleire enn ti elevar på eit trinn som ønskjer det, er viktig. Norsk Målungdom meiner at foreldra ved vanleg fleirtal skal vedta kva skule som skal ha gruppa, slik det er i dag. Vi er mot at dette blir flytta til kommunen. NMU er kjende med at det er økonomiske ulemper ved å opprette slike språkgrupper. Om det er kommunane som vedtar kva skule opplæringa skal gå føre seg på, er vi redde for at gruppa blir plassert på ein «ugunstig» skule, til dømes med lang reiseveg, slik at dette tilbodet skal bli mindre attraktivt. For å hindre dette må det vere foreldra som bestemmer kva skule gruppa skal vere på. Om det er ønskeleg at det er same regelverk som for opplæring i teiknspråk og samisk, bør heller regelverket for desse gruppene endrast.

2.2 Nynorskgrupper i større kommunar

NMU krev at kommunar med meir enn 70 000 innbyggjarar skal tilby nynorskklassar. Dette må skje utan at foreldra sjølv må ta initiativ til å få oppretta ei slik gruppe. Lovverket slår fast at kommunen skal opprette ei særskild språkgruppe dersom 10 elevar på same trinn i kommunen ønsker det. Dette er ein god regel, men det er praktisk vanskeleg å samordne seg i store kommunar som til dømes Oslo eller Bergen. Det verkar til dømes svært sannsynleg at foreldra til fleire enn 10 elevar på same trinn i Bergen kommune ønsker å opprette ei nynorskgruppe, men det er praktisk vanskeleg å få gruppa oppretta om dei må finne fram til kvarandre på eiga hand. Derfor bør kommunen opprette dette på eige initiativ.

3.0 Ei reell tilsynsordning

Dei språklege rettane i skulen står i dag i stor grad utan tilsyn. Så langt NMU har kjennskap til, har det aldri vorte ført tilsyn med nynorskelevane sine rettar etter opplæringslova. Statsforvaltaren verkar vere ubevisst eller ha lite kjennskap til oppgåvene sine under dette feltet. Dette skapar også usikkerheit blant elevane i korleis ein melder inn feil og manglar, og moglegheita til å kjenne til sine eigne rettar. For at lova skal fungere må ho bli følgt godt opp i ettertid, og det må bli etterspurt tilsyn av språkrettane til elevane.

For å sikre oppfølginga av språkrettane i opplæringslova meiner vi at tilsynsansvaret bør liggje med tilsynsansvaret for andre språkrettar, hos Språkrådet. Dei bør også vere klageinstans når rettane blir brotne. Dei har god kompetanse på feltet, og kan dermed følgje opp dette ansvaret på ein god måte.

4.0 Hovudmål ved skulen

NMU støttar at også vidaregåande skolar skal få eit hovudmål. Dette kan vere eit viktig bidrag for å sikre utsette nynorskelevar gjennom at dei får sjå meir nynorsk i skulekvardagen sin. Dette må likevel ikkje føre til at nynorskelevar i utsette område får mindre nynorsk i undervisinga. Skulane som har nynorsk som hovudmål, må bli administrerte på nynorsk, og brorparten av undervisinga må vere på nynorsk.

Departementet meiner at det ikkje er naudsynt å halde på kravet om at elevane skal ha lærebøker på hovudmålet i norskopplæringa. Norsk Målungdom er kjende med at det i randsonene er ei utfordring at foreldra vel læremiddel på bokmål sjølv om opplæringa skal gå føre seg på nynorsk. Dette fører til eit auka språkskifte, og gjer det vanskeleg for elevane å halde på hovudmålet sitt. NMU ønsker derfor å halde på presiseringa.

5.0 Andre innspel

5.1 Norsk som opplæringsspråk

NMU meiner at opplæringsspråket i den norske skulen skal vere norsk, samisk og norsk teiknspråk, og støttar at dette blir slått fast i lova. Vi er mot å opne for tidsavgrensa fritak frå kravet til opplæringsspråk. Tilgang til norsk språk er essensielt for å delta i det norske samfunnet. Likeins er tilgang til samisk språk viktig i områda der samisk dominerer, og samar må ha rett til å lære språket sitt og få opplæring både i og på samisk. Det same gjeld teiknspråk. NMU stiller seg sterkt kritiske til at skolar skal få tidsavgrensa fritak frå kravet om opplæringsspråk for å undervise på engelsk. Ønsket om internasjonalisering kan ikkje føre til ei nedprioritering av dei offisielle språka i Noreg.

5.2 Andre språklege mindretal

Det er behov for ei kraftig styrking av rettane til elevar med samiske språk i skulen. Samiske tall forteller 14 (2021) viser at opptil 60 prosent sluttar med samiskopplæring gjennom skulen. Eit så stort fråfall teiknar eit bilete av eit lovverk og ein skule som ikkje tar omsyn til elevgruppa. Når det er sagt, er det positivt at ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskulen, får rett til opplæring i samisk i vidaregåande opplæring. Men det må vidare vere meir styrking av rettar. Problema vi skisserte om digitale læremiddel på nynorsk, gjeld i enda større grad for samiske læremiddel. I tillegg kjem mangelen på trykte læremiddel. Dette må ryddast opp i.

Lova bør også strekke seg så langt at hospitering og språkbad blir lovfesta. Språkdelte grupper mellom nynorsk og bokmål er ein del av lovverket. Ei erstatning for dette er hospitering og språkbad for elevar som har fjernundervisning og samiskundervisning i eit lite samiskspråkleg miljø. Desse elevane treng på same måte å oppleve at språket deira er hovudspråket rundt seg.

Norsk Målungdom er glade for å sjå at departementet føreslår at alle med kvensk/norskfinsk bakgrunn i grunnskulen i Troms og Finnmark får rett til opplæring i språket. Dette bør også gjelde utanfor Troms og Finnmark. Lovframlegget opnar allereie for at opplæringa kan givast på ein annan måte dersom skulen ikkje har lærarar som kan gi opplæring i kvensk eller finsk. Dette bør opne for at det same regelverket kan gjelde ved ein skule i Oslo like greitt som i Tromsø.

Mange barn og ungdommar har bruk for teiknspråk – ikkje berre dei som er døve eller høyrslehemja. Mange har søsken, foreldre eller andre i hushaldet som brukar teiknspråk. I dag har ikkje alle desse rett til opplæring i teiknspråk på skulen. Det bør dei få i opplæringslova. Opplæringslova må sikre at så mange som mogleg teiknspråkbrukarar får tilgang til teiknspråklege domene.

Vedlegg