Høringssvar fra Hadeland dialekt- og mållag

Dato: 12.11.2021

Hadeland dialekt- og mållag sitt svar i høyringa til ny opplæringslov:

Til § 3-1 Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen

Til 2. stykke: Hadeland dialekt- og mållag meiner det er kontraproduktivt av lovgjevar å legge opp til at foreldre til elevar opptil 7. klasse skal avgjere at eleven skal kunne nytte læremiddel på bokmål dersom skulen er ein nynorsk-skule. Det er stikk i strid med føremålet i Språklova om at nynorsk skal fremmast! Regelen bør stenge for det. Lesing og skriving er grunnleggande i alle fag. Å nytte læremiddel på sidemålet for nynorskelevar, svekkar mengdetreninga i nynorsk. Elevar av bokmålstalande foreldre i nynorskkommunar, treng nettopp mengdetrening i nynorsk. Då kan vi ikkje legge til rette for at foreldre som syns nynorsk er vanskeleg, kan velje bort tiltrengt mengdetrening i nynorsk for sine born. Elevane skal ha læremiddel på sitt eige hovedmål.

Det kan gjerast unntak for at elevar med bokmål som hovedmål kan ha lærebøker på nynorsk i andre fag enn norsk.

Nynorskelevar får derimot mengdetrening på bokmål gjennom så mange andre kjelder i dagleglivet, og nynorskelevar treng difor ikkje mengdetrening i bokmål i skulen på same viset. Bokmål dominerar uansett fritida til alle elevar.

Til § 6-1 Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa

Veldig viktig paragraf; Elevane skal sjølve kunne velje sitt skriftspråk. Men for å ha reell valfridom, må eleven ha fått trygg opplæring og kjennskap til både bokmål og nynorsk.

Til § 15-3 Læremiddel

Punktet 15-3 a) må ut.

Grunngjeving: Vi meiner at å gje unntak for norskfaget vil undergrave kravet om at læremiddel skal ligge føre «til same tid og same pris» i andre og tredje setning. Tvert imot er dette kravet særleg viktig i norsk. Då ville også det bli enklare for bokmålselevar å velje lærebøker på nynorsk i fleire fag dersom ein treng påfyll om nynorsk. Både nynorskelevar og bokmålselevar lærer av å sjå og bruke nynorsk i fleire fag enn i norskfaget.

Diverre har forlaga hatt som praksis frå tidleg i 1970-åra, å selje lærebøker på bokmål først, så omset forlaget boka til nynorsk og legg ut nynorskutgåva for sal lenge etter at undervisninga har teke til.

Det er så viktig at også læremiddel som ikkje er bøker, blir tilgjengelege på nynorsk og bokmål samtidig. Her må det sterkare lut til frå lovgjevar si side!

Til § 15-4 Ordlister, ordbøker og skriveprogram

Andre leden: Ta ut «Så langt råd er» og setninga startar slik: «Skolen skal bruke skriveprogram (…)»

Grunngjeving: Formuleringa «Så langt råd er» gjer paragrafen tannlaus og vil ikkje gjere undervisninga betre enn i dag. Kravet til «skriveprogramma» her er veikt når vi kjenner til Chromebook-problemet. Har lovgjevar manglande vilje til å nytte marknadsmakt? Dette kravet burde vere viktig også for bokmålsskular å få presisert i lova. Det er så viktig at alle læremiddel blir tilgjengelege på nynorsk og bokmål samtidig.

Hadeland dialekt- og mållag, orgnr. 916 301 189