Høringssvar fra Hjelmeland Mållag

Dato: 19.12.2021

Hjelmeland Mållag, Ryfylkevegen 5416, 4137 Årdal

Kunnskapsdepartemenet.

Høyringssvar - om ny opplæringslov

Både bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk i Norge (jfr jamstillingsvedtaket av 1885), og dermed skal det vera like lett å få opplæring i begge skriftspråka. Slik er det ikkje i dag.

Framlegget til ny opplæringslov har mange positive element for nynorsken - Dep skal ha mykje ros for det, men framlegget går ikkje lang nok på sume område.

Me vil fokusera på §§ 3 og 15.

§3- 1 Bokmål og nynorsk som skriftspråk i grunnskulen.

Det må vera ein sjølvsagt rett til at eleven kan velgja det hovud skriftspråket som han ynskjer. Denne retten må fylgja eleven alle skuleåra i grunnskulen. For å få dette til i praksis, må det vera same hovud skriftspråket i den elevgruppa eleven føl, - både i teoretiske og praktiske fag.

Læremidla er grunnlaget for god opplæring. Me ser ikkje nokon grunn for at læremidla skal vera på eit anna språk enn opplæringsspråket til eleven. Det er ikkje språklikestilling i praksis, og det skapar forvirring i opplæringa.

Me meiner at det er viktig at foreldra får avgjera om skulen dei naturleg tilhøyrer skal ha nynorskklasse. Dei sit nærast til å vite kva som er rett for dei og deira barn, - ein kommuneadministrasjon kan lett leggja for mykje vekt på økonomiske argument og saldera vekk nynorsken. Her viser me nok ein gong til det lovfesta jamstillingsvedtaket. Begge skriftspråka skal tilbydast, om det er ynskje om det.

§15 - 3 Læremiddel.

I "alle år" har det vore krav om at læremidla skal føreliggja på bokmål og nynorsk til same tid. Me kan visa til omfatande aksjonar for dette allereie 1972. Framleis er ikkje det på plass.

Læremidla i dag er både bøker og mykje digitalt stoff. Eit naturleg krav er at skuleeigar (kommune, fylkeskommune og private) berre brukar læremiddel som ligg før på bokmål og nynorsk til same tid.

Engasjementet til læraren smittar over på undervisinga i faget. Er læraren negativ til nynorsk, er det lettare for at eleven skiftar over til bokmål. Det er viktig at me har lærarar som har god kompetanse og godt forhold til det nynorske skriftspråket. Difor må det vera lett tilgong på etterutdanning for dei lærarane som treng det, og i stillingsinstruksen må det presiserast at læraren skal kunna undervisa på begge skriftspråka

Det vil vera naturleg at Statsforvaltaren har jevnleg tilsyn med kompetanse, læremiddel og opplæringstilbud i skulen, slik som utvalet føreslår.

mvh

Hjelmeland Mållag

Asbjørn Ask - leiar Dagfinn Hatløy - skrivar

Vedlegg