Høringssvar fra Utdanningsforbundet Tysnes

Dato: 14.12.2021

Høyringssvar om ny opplæringslov

Tysnes har nynorsk som administrasjonsmål og skulemål i kommunen, og ønskjer difor å kommentere dei delane av framlegget til ny opplæringslov som regulerer nynorsk i skulen og nynorskelevane sine språklege rettar.

Innleiingsvis vil vi gje departementet skryt for at dei har teke dei språkpolitiske måla i språklova på alvor og gjennomgåande teke omsyn til nynorsken, som det minst brukte norske språket. Dette vil hjelpe nynorskelevane til å få oppfylt rettane sine på ein betre måte enn før. Retten til språkdelte grupper i ungdomsskulen er eit særleg viktig tiltak. Det er òg tillitsvekkjande å sjå at omsynet til nynorskelevane har vorte vurdert, sjølv i tilfelle der departementet har vurdert verkemidla annleis enn oss.

Digitaliseringa av skulen

Digitaliseringa av skulen har gjort at nynorskelevane i dag ser mindre nynorsk i skulekvardagen enn nokon gong før. Dagens situasjon er uhaldbar, og skulane i kommunen blir sette i ein umogleg situasjon, der dei må velje mellom å anten a) bruke dei beste verktøya og ressursane tilgjengeleg eller b) vere prinsippfaste på å velje det vesle som er tilgjengeleg på nynorsk.

Heilt sidan parallellitetskravet kom inn i lova, har forlag og andre læremiddelprodusentar funne kreative måtar å omgå kravet på. Digitaliseringa har gjort dette enklare og meir utbreitt nokon gong. Vi er samde i at kommunane og fylkeskommunane må vere medvitne om ansvaret sitt for å sikre at parallellitetskravet blir etterlevt, men vi treng sterkare lovformuleringar til å støtte opp om det arbeidet.

Læringsressursar

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette meiner vi lovteksten må forhindre, ved å inkludere «læringsressursar utvikla til bruk i skolen» i parallellitetskravet. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane som til dømes er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

Framlegg til endring i lovteksten:

§15-3, andre avsnitt, andre setning. Endre til:

«Krava gjeld for læremiddel som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget, samt læringsressursar utvikla til bruk i skolen.»

Digitale verktøy

Utdanningsforbundet i Tysnes kommune støttar departementet sin intensjon i vurderingane kring digitale verktøy, og ser at ein lovtekst som inkluderer alle digitale verktøy i parallellitetskravet potensielt kunne skapt andre utfordringar for nynorskelevane og -kommunar. Likevel treng vi ein sterkare lovtekst, for å betre språksituasjonen til nynorskelevane, også med omsyn til digitale verktøy.

Intensjonen i å definere inn skriveprogram med støtte for bokmål og nynorsk for å kompensere for dette er god, men erfaringa med teknologiprodusentane syner at vi treng ei lovformulering utan smotthol, for å oppnå reell endring. Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda plutseleg skulle gjennomføre fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at det blir nynorskkommunane og -fylkeskommunane som må drive kampanje overfor desse selskapa, fordi det er nynorskelevane som kjenner konsekvensane av dette problemet mest på kroppen. Likevel minner vi om at også alle dei som har nynorsk som sidemål vil ha stor nytte av skriveprogram som støttar nynorsk, så dette bør vere noko som blir takla på nasjonalt nivå, ikkje berre i nynorskområde.

For å få bukt med problemet, treng vi difor ein lovtekst som seier at det blir ulovleg for alle å bruke skriveprogram som ikkje støttar både bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at dei store teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine, for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Framlegg til endring i lovteksten:

§15-4, andre avsnitt. Endre til:

«Skolen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.»

Norskfaget

Utdanningsforbundet i Tysnes kommune meiner at ein må styrkje formuleringane i lovteksten som regulerer tilhøvet mellom dei norske språka i læremidla for norskfaget. Ein har teke ut følgjande formulering i §2-5 av eksisterande opplæringslov: «I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet», utan å ha erstatta denne. Ein vonleg utilsikta konsekvens av denne lovteksten kan bli at nynorskelevar risikerer å få bøker på bokmål i faget norsk gjennom heile skulegangen, heller enn bøker med innslag av bokmål, som er intensjonen, slik vi forstår departementet. Dette må justerast i den endelege lovteksten.

Departementet skriv i høyringsnotatet: «Departementet mener at det viktigste er at dagens regelverk sikrer at summen av tekstane elevene møter i norskfaget, er godt fordelt mellom bokmål og nynorsk. Dette sikres i dag gjennom læreplanen i norsk.» Vi meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg for å sikre nok nynorsktekstar i undervisinga og læremidla, særleg for nynorskelevane. Ei fersk masteroppgåve av Liv Astrid Skåre Langnes ved Nynorsksenteret (https://hdl.handle.net/11250/2780787) syner til dømes at eit stort fleirtal av tekstane i lesebøkene til nynorskelevane i ungdomsskulen er på bokmål. Det gjev nynorskelevane eit dårleg utgangspunkt for å lære hovudmålet sitt godt. Lovteksten bør difor spesifisere at læremiddel og tekstar på hovudmålet skal vere hovudregelen i norskfaget, og at alle unntak frå den hovudregelen skal vere grunngjevne i læreplanmål.

Framlegg til endringar i lovteksten:

§15-3, siste avsnitt. Legg til:

«I norskfaget skal elevane ha læremiddel på hovudmålet sitt, men med nok tekstar på sidemålet til at dei kan oppnå kompetansemåla i sidemål.»

Rådgivande folkerøystingar

Utdanningsforbundet Tysnes støttar departementet si vurdering av rådgivande folkerøystingar, og er glade for ein gjekk imot Opplæringslovutvalget si tilråding og tok dette inn att i lovteksten. På dette punktet støttar vi lovteksten slik han er framlagd.

Val av språk i læremiddel

Intensjonen har nok vore god i §3-1, som seier at foreldre har rett til å velje språk i læremiddel på barneskulen, men dei praktiske konsekvensane av ein slik lovtekst er svært uheldig i skulane, særleg i norskfaget. Desse elevane kan ikkje velja eit anna hovudmål enn skulen, og dermed blir det nesten umogleg for lærarane å gjennomføre god norskopplæring, dersom elevane med vilje skal kunne ha norskbøker på eit anna språk enn det dei har som hovudmål og skal lære.

Framlegg til endring i lovteksten:

§3-1, andre avsnitt, andre setning. Endre til:

«Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk i alle fag unntatt norsk, der eleven skal ha læremiddel på skolen sitt hovudmål.»

Med helsing

Styret i Utdanningsforbundet Tysnes

v/ Åse Enes, lokallagsleiar.

Tysnes, 14.12.21