Høringssvar fra Margareth Moberg

Dato: 19.12.2021

25 Særskilt språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk

Framlegget frå departementet om å endra ordlyden særskild norskopplæring til forsterka opplæring er uheldig. I den nye lovframlegget bør ordlyden endrast frå

særskild norskopplæring til norsk som andrespråk.

Minoritetsspråklege elevar er ei elevgruppe som både skal læra norsk som andrespråk og fag samstundes. Det å læra eit andrespråk er krevjande. Førstespråket som vert tileigna i dei tre-fire første åra vert lært gjennom å lytta og læra. Eit nytt språk i eit nytt språkmiljø når eleven er i grunnskulealder, er vanskeleg å læra. Det er krevjande både for elev og lærar. Det går ikkje av seg sjølv. Det krev ein lærar med kompetanse i språket, og måten språket vert lært på. Det vil i dette tilfellet seia norsk som andrespråk.

I kapittel 25.6.1 «Behov for tydeligere rammer» vert det framheva at lova er uklar på kva opplæring eleven skal få, korleis tilbodet skal gjevast osb. Derfor er det viktig at den nye lova er tydeleg på at eleven skal få opplæring i norsk som andrespråk. Det vil gje kommunane eit innspel til kva kompetanse dei skal søkja når minoritetsspråklege elevar skal læra norsk. Lærarar med norsk som andrespråk i fagkrinsen har ikkje berre kjennskap til faget, men òg kva rammer som må vera på plass for å få ei god opplæring. Det er derfor heilt avgjerande at det tydeleg går fram i lovteksta kva opplæring eleven har rett på, og kva krav ein set til pedagogisk personale. Vurdering og kartlegging av norskkompetansen til elevane som òg vert omtala i kapittelet, krev kompetanse i norsk som andrespråk.

For minoritetsspråklege elevar i grunnskulen er det eit sjansespel om dei kjem til ein skule med lærarar i norsk som andrespråk. Det er dessverre, som Departementet seier i kapittel 25.6.1 «(…) heller ingen krav til formell kompetanse i andrespråkspedagogikk for lærere som underviser i særskilt norsk.» Det vil det heller ikkje vera framover, dersom framlegget om at ein skal endra «særskilt norskopplæring til forsterket opplæring i norsk». Ingen av desse formuleringane set noko som helst krav om kva eleven skal læra, eller kva kompetanse læraren treng å ha. Det gjev heller ikkje skular/kommunar noko innspel til kva kompetanse dei må søkja etter. Det står vidare i 25.6.1 at «Endringene er kun språklige, innholdet i retten vil være den samme.» Då er det vanskeleg å forstå kvifor det vert brukt formuleringar som ikkje fortel kva innhald det skal vera.

Det er viktig å få tydlege rammer rundt norskopplæringa til dei minoritetsspråklege elevane. Det gjer ein best ved å bruka namnet på faget, som er norsk som andrespråk.