Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Barnehagene i Ål kommune

Høringssvar frå barnehagane i Ål kommune

Dato: 20.01.2017
Svartype: Med merknad

Høringsuttale frå barnehagane i

Ål kommune

Høyringsforslaget har blitt eit tydlegare og betre styrings- og arbeidsdokument for styrarar og pedagogiske leiarar ved å nytte skal i teksten, og gir mindre rom for tolking og synsing. Det sett krav til at samfunnsmandatet skal følgjast. Lokale tilpassingar er fortsatt viktig.

Forbetringar:

  • Kap. 6 s. 17 «Ansvar og roller» - ikkje nokon god overskrift. Overskrifta bør vere «Ansvarsroller», fordi det her er prat om ansvar. Heile kapitl 6 må kome lenger fram i dokumentet.
  • Ansvar må bli delt inn i desse ansvarsrollane: Styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette. Under kvar av desse ansvarsrollane må det tydeleggjerast deira ansvar og pliktar.
    • Styrar – ei av rollane er personalansvar. Bør kome tydeleg fram at det er styrar som har ansvar for eventuelle lokale arbeidsavtaler med ansvarsfordeling mellom feire pedagogar på avdeling.
    • Pedagogisk leiar - ei av rollane må vere veiledning av personalet, fordi dette er det viktigaste dei driv med. Dette er nå utelatt i den nye forskrifta.
      • Det må i dokumentet tydeleg presiserast forskjellen mellom profesjonen barnehagelærar og funksjon/stillinga pedagogisk leiar. I dokumentet er det samanblanding.
  • S.17 kap. 6. avsnitt tre - skriv om setning slik: «Det forutsettes derfor at barnehageeieren skal vektlegge de ansattes faglige og pedagogiske vurderingar i sin styring». Dette for å sikre at også kommersielle selskap driv pedagogisk arbeid etter rammeplanen og ikkje kan overstyre i høve til eigne interesser.
  • S.7 kap.3 - «Samarbeid mellom hjem og barnehage» avsnitt tre - Avsnittet må skrives om. Ta vekk orda observasjon og jevnlig, fordi det gir rom for tolkingar. Arbeidsmåter og generelle vurderingar er helt greit å diskutere i samarbeidsutval (SU), ikkje einskildsaker.  
  • Flott at rammeplanen har føringar for tilvenning. Korleis blir dette følgd opp frå samfunnet (Stortinget) i høve til mellom anna foreldre sin rett til permisjon med løn for tilvenning (arbeidsavtaler), i høve to hovudopptak pr. barnehageår osb.
  • Begrepet barnehagen blir utydeleg og nyttast i ulike samanhengar. Kven er barnehagen – tilsette, eigar, bygget?
  • Referer til lovtekst med paragrafer i dokumentet.
  • S. 4 - Begrep som medverknad og danning er betre enn demokrati.
  • S. 5 - Begrepet livsmeistring må bli forklart om det skal nyttast. Livsmeistring er eit mål langt fram for barnet. Barnehagen sitt mål er å førebu dei/legge grunnlaget for at dei kan kjenne livsmeistring seinare i livet. Det bør presiserast at det handlar om både fysisk og psykisk helse, og begrepet psykososialt miljø bør inn i dokumentet.
  • S. 19 – Dokumentasjon. Her bør det heller bli kalla pedagogisk dokumentasjon som betyr dokumentasjon for bruk til å vurdere pedagogisk praksis. Det må bli forklart meir kva ein meiner her, korleis og kva. Ansvar for å drive pedagogisk dokumentasjon må ligge til ansvarsrollane, jf. første punkt.
  • Viktig å presisere at digitale verktøy, er eit verktøy innan for mange fagområdar. Ikkje ha som eige fagområde som nokre har uttalt. Kan også her ha med digital dømmekraft der ein har fokus på haldingar til informasjon frå og bruk av digitale verktøy ut i frå alder.
  • Framhev at leik er den viktigaste arbeidsmetoden i barnehagen. Løft dette fram som eit eige kapittel under «Barnehagens arbeidsmåter» s. 10.
  • Forslaget har stort fokus på bruk av naturen. Vil dette få konsekvensar for korleis og kvar barnehagar blir bygd? Vil bybarnehagar få problem med oppfylling av krava?
  • Dei tradisjonelle veiledningshefta må bli gjort digitale, og blir med det alltid ajourført. Samle veiledningsmateriell, teori, filmar, opplegg osb. på Udir sin nettstad, jf. skulen sine nettressursar.