Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Bømlo kommune

Dato: 13.01.2017
Svartype: Med merknad

Rammeplanutkastet som styringsdokument for kommunen/barnehagemynde:

Det er svært bra at omfanget av rammeplanen er redusert og at vage formuleringar og prosatekst er luka bort. Dette gjer at intensjonen om at planen skal bli tydelegare vert oppfylt.

Rammeplanutkastet som styringsdokument for kommunen/barnehagemynde:

Som styringsdokument, kunne nok kommunen som ansvarleg for barnehagetilbodet totalt, ha ønska seg enno meir styringsrett. Dersom ein kommune har lokale utfordringar t.d. i høve til leseferdigheter i skulen, sosial utjamning, eller høg andel barn som treng spesialpedagogisk hjelp i både skule og barnehage og liknande, så har ein trong for å arbeide systematisk med kompetanseheving av personale, kollegarettleiing mellom barnehagar og meir utstrekt samarbeid med skule. Her kan det vere utfordrande å kome i posisjon ovanfor dei private aktørane. Ein auka styringsrett som omfattar at barnehagane må delta i lokale kompetansehevingstiltak og satsingar kan i visse høve vera ønskeleg.

Meld.St.19 «Tid for leik og læring» syner at vi i Noreg har store skilnader mellom barnehagane på kvalitet. Det er ikkje ein ønska situasjon. Som kommune ønsker vi at alle barna møter eit kvalitativt godt tilbod. Det er difor viktig at Rammeplanen som styringsverktøy sikrar ein praksis som er forskingsbasert og fagleg begrunna. Vi har også tru på at eigarar av private barnehagar ønsker å driva gode barnehagar og er såleis ikkje uroa over at dei har styringsrett i høve til ein del val, som barnehagen må ta.

Dei større private aktørane har ofte gode system for drift av barnehagane og kompetanseheving osv. men det er også viktig at dei deltek i dialogar lokalt, slik at dei lokale styrarane kan utvikle barnehagen i tråd med lokale føresetnader (og utfordringar ein må ha lokalt), samt at styrar i barnehagen vert sikra handlingsrom til å ta dei grep som ho/han finn naudsynt. Her er eit skjæringspunkt som kommunen ser i møte med private aktørar og ein ønsker at leiar må få vera leiar i barnehagen. I utkast til rammeplan er oppgåvene til styrar tydeleggjort. Dette er bra!

Kommunen ser også at det er trong for å få på plass ei bemanningsnorm så snart som mogeleg.

Rammeplan som verktøy for tilsyn:

Det er bra at ein forsterkar rettar og plikter i forskrifta, slik at det vert tydeleg for barnehagetilsette og eigar kva som skal utførast. Såleis vert det også eit betre eigna reiskap å føra tilsyn etter, fordi gråsoner mellom kva som er pålagt og kva som er «bør» er forminska. Lovbrot vil bli lettare å avdekke, samt gje pålegg på. Truleg vil dette også føra til ein meir rettferdig tilsynspraksis, då ein får mindre rom for «synsing» i tilsynsverksemda.

Kommunen/barnehagemynde har det overordna ansvaret for at alle barna i kommunen får eit kvalitativt godt barnehagetilbod. Det må difor vera høve for kommunen å stilla krav til dei private aktørane om kva for barnehagetilbod innbyggjarane i kommunen skal ha. Når utkastet no er tydelegare på kva for samfunnsmandat barnehagen har, så vil dette medverka til at kommunen ved tilsyn kan pålegge å rette opp uheldig praksis, dersom tilsyn avdekker det.

Oppbygninga av dokumentet er bra, men det bør vera tydelegare presisert kva for lovparagraf dei ulike punkta viser til. Fleire stader i teksten, finn ein formuleringar frå lovtekst utan at dette syner att. Siter gjerne lovtekst, eller vis i det minste til paragraf (dersom ein ønsker å ha et lite omfang på planen). Dette vil tydeleggjera for alle tilsette kva som vert etterspurt i tilsyn.

 

Innhaldet i rammeplanen:

Kap.1 om verdigrunnlaget til barnehagen er veldig bra og godt eigna for fagleg refleksjon i barnehagen. Denne vil forhåpentlig skape samanheng til ny generell del i læreplan for skulen, slik at ein ser barnehage og skule som ein heilskap.

Det er også bra at livsmestring og helse er kome inn som punkt i rammeplanen, samt at ein gjev barnehagen ei plikt til å førebyggje, avdekke og handtere mobbing.

Det kan koma heilt klart fram i teksten at alle barnehagar skal vera lærande organisasjonar og arbeide med barnehagebasert kompetanseutvikling. Dette bør presiserast.

Det er også ønskeleg at ein skil mellom funksjonane pedagogisk leiar og barnehagelærar, slik at ein får avklaringar om kva funksjonar desse to ulike rollene skal ha. Dette for å sikra at det er brei forståing for kvar leiaransvaret ligg og korleis det skal utøvast.

I omtale av årsplanen seier utkastet:

Årsplanen kan gi informasjon om barnehagens pedagogiske arbeid til myndighetsnivåene, barnehagens samarbeidsparter og andre interesserte.

Vi ønsker at kan, vert erstatta med skal her.

Støtte og rettleiingsmateriell er ønska i sektoren. Det vil vera til hjelp ved barnehagebasert kompetanseutvikling og i implementeringa av ny rammpelan. Viktig at dette kjem så raskt som mogeleg.

Det er også viktig at Rammeplanen kjem samtidig på nynorsk og bokmål.