Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Bordalen barnehage

Svar på høyring

Dato: 20.01.2017
Svartype: Med merknad

Kunnskapsdepartementet

Postboks  8119  DEP

0032  OSLO

postmottak@kd.dep.no

 

 

Svar på høyring om ny Rammeplan

Viser til høyring av forslag til ny Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

SU ved Bordalen Barnehage ser det som positivt at det vert lagt fram eit nytt forslag til styringsdokument for barnehagesektoren som har til hensikt å tydeleggjera kva rammer barnehagen har å arbeide etter.

Me meinar forslaget til ny rammeplan gjer Rammeplanen til eit tydelegere styringsdokument, og vert dermed eit betre arbeidsdokument for personale. I dette forslaget kjem innhaldet i teksten tydelegare fram etter at ein del tekst er fjerna og andre delar er mer spesifisert, f.eks. fra "bør" til "skal".

I moment overgang barnehage-skule syns me og det skal gå over frå «bør»-formulering til «skal»-formulering.

Tydeleggjering av krava til personalet meiner er viktig å få fram. Det betyr at innhaldet i arbeidet som vert gjort i barnehagen vert meir synleg og tydeleg for både i personale og andre. 

Me ser det som positivt med kapittel som omhandlar ansvar og rollar. Dette er med på å synleggjera ansvarsfordelinga meir.

Me meiner at forslaget synleggjer barnehagens samfunnsmandat ved blant anna å fremheva mangfaldet i Norge i dag. Det er viktig at me ivaretek dette mangfaldet me har av barnehagar slik me har barnehagesektoren i dag. Det skal speigle det norske samfunnet. Det syns me dette forslaget ivaretek.

Me ynskjer oss meir tydeleggjering av arbeidet med dei minste i barnehagen. Med stadig fleire små born i barnehagane må det leggjast til rette for best mogeleg kvalitet òg for dei minste i barnehagen. Dette meiner me kjem for lite fram i høyringsforslaget.

Når det gjeld dei yngste borna saknar me òg utdjuping av temaet tilknytning. Dette meiner me bør presiserast meir i Rammeplanen.

 Forslag til veiledningsmatriell:  Borns medverkand,  Dei minste i barnehagen, Borns tilknyting, Digitale verktøy,

 

 

SU ved Bordalen barnehage

 

Marianne Gjerald                                                                Randi Agledal

- styrar                                                                                  -  SU-leiar

gjeringen.no