Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Flora kommune

Høyringssvar frå Flora kommune, v/rådmannen

Dato: 20.01.2017
Svartype: Med merknad

Høyringssvar - Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver

I Flora kommune har vi gått gjennom framlegget til ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver i styrargruppa for barnehagane. Styrarane og barnehagefagleg rådgjevar i kommunen har også deltatt på nasjonal høyringskonferanse. Høyringssvaret på framlegg til ny Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver er ei oppsummering av arbeidet i styrargruppa og høyringskonferansen, basert på departementet sine høyringsspørsmål. 

 

Fungerer forslaget til ny rammeplan som et tydeligere styringsdokument?

Framlegg til ny RP vert opplevd som eit tydeleg styringsdokument for alle partar.

Tydelege og forpliktande formuleringar gjev ei god forståing av kva barnehageinnhaldet skal vere, noko som også kan vere med å heve statusen til barnehagen som institusjon. Presise formuleringar gjer det lett å prioritere.

Dokumentet har formuleringar som er tydelege og forpliktande for alle involverte partar, og på alle nivå. For eigar handlar dette m.a. om personalet sin kompetanse, utforming av bygg og uteområde og tilgang på utstyr. Leiing (styrar og pedagog) vert ansvarleggjort ut frå fagleg kompetanse, og det kollektive ansvaret vert synleggjort i omgrepet "personalet".

Forventningane til personalet kjem tydeleg fram. Leik, omsorg og læring har fått ei heilskapleg tilnærming, der barnet står i sentrum. Dokumentet legg opp til stor metodefridom, og gjev samstundes pedagogane "rom" til å vere pedagogar.

Dokumentet er kortfatta, lettlest og lett å orientere seg i (også for foreldre). Foreldresamarbeidet vert trekt fram på ein positiv måte, med fokus både på individ- og gruppenivå. Dette gjev stor forståing for heilskapen. 

Ei tydeleggjering av barnehagen sitt innhald og oppgåver vil gjere det enklare for kommunen som barnehagemyndigheit både å rettleie, og å føre tilsyn med kvaliteten på barnehagetilbodet og om barn sine rettar vert oppfylt.

 

Fungerer forslaget til ny rammeplan som et velegnet arbeidsdokument for barnehagepersonalet?

Med presise formuleringar er framlegg til ny RP eit godt eigna dokument som gjer det lett å prioritere. Vi finn det positivt at det er beskrive ei aktiv og forpliktande voksenrolle der kvar barnehage kan reflektere seg fram til felles mentale bilete, og såleis komme fram til «beste praksis»

Omgrepete "progresjon" er komme inn under kap 4 om barnehagens arbeidsmåter. Vi tenkjer det er viktig at alle barn får møte fag og innhald på eige utviklingsnivå. I denne samanheng er det viktig å preisisere at dette ikkje må før til krav om å definerer "utviklingsmål" for enkeltbarn.

Prosessen med å vere ein lærande organisasjon er tydeleg (målsetting,planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, refleksjon, vurdering), og vil vere med å sikre kvaliteten i barnehagetilbodet.

Dokumentet har konkrete formuleringar på kva personalet skal, personalet sin kompetanse vert tydeleggjort, krav til forventning til den barnehagetilsette, og forpliktande evaluering.

Framlegg til ny RP er eit arbeidsverkty som ivaretar barneperspektivet gjennom medbestemming, medverknad og fokus på barndommens eigenverdi og barnets beste.

Tydelege forventningar til samarbeid mellom foreldre og personalet gjennom foreldresamarbeid både på individ og gruppenivå, der barnehagen skal begrunne sine val, vert positivt framheva.

 

Ivaretar forslaget barnehagens brede samfunnsmandat?

Barnehagen sitt samfunnsmandat/verdigrunnlaget kjem tydeleg fram i framlegg til ny RP, og dette skal løysast på barnehagen sine premissar; både her og nå, men og i eit framtidspespektiv .

Vi vil trekkje fram følgjande;

Viktig at ordet «demokrati» har fått fokus. Likeeins er tema om mangfald svært bra formulert, med eit positivt menneskesyn. Det er også positivt med deling av omgrepa mangfald, likestilling og likeverd. Dette gjev betre forståing av innhaldet i omgrepa. Berekraftig utvikling er definert, med ei formulering som er lett å forstå. Omgrepet livsmeistring handlar om førebygging og tidleg innsats. Dvs at personalet må vere påkopla til barnas beste.

 

Rettleingsmateriale

Fornying av eksisterande rettleiingshefter, knytt til fagområda og som nettressurs.

Andre aktuelle tema;

- livsmeistring og helse

- mangfald

- likestilling og likeverd

- berekraftig utvikling

- demokrati

- læringsmiljø