Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Dalsbygda barnehage Norddal Kommune

Høringssvar Ny Rammeplan

Dato: 18.01.2017
Svartype: Med merknad

Vår organisasjon(barnehage) er positive til de endringane som er foreslått til ny rammeplan. Forslag til ny rammeplan er meir forpliktande enn den gamle rammeplanen fordi den nyttar skal og ikkje bør. At planen er noko ned-korta er ikkje nokon bakdel då den vert kortare og meir konsis.

I nye kap. 6: Ansvar og roller er det tydlegare føringar for korleis personalet skal jobbe, og barnehagen sitt oppdrag vert dermed meir forpliktande.

Barnehagen har ein sentral funksjon i barn sitt utdanningsløp ved at den er ansvarleg dei første åra (ilag med andre aktører/hjelpeinstaner og  foreldre) å lage eit trygt lærande , opplevande, fysisk og sundt fundament for barna sine første leve åra. 

Å jobbe systematisk for å nå alle måla og intensjonane i forslag til ny rammeplan krev stor innsats frå alle som jobber i barnehagen. Skal ein ha tid til å å jobbe godt og målretta for felles forståing og gjennomomføring av mål i møte med barna,  må og støtte /resurser/ rammer vere på plass. Å ha nok personale, nok tid , hjelp støtte ( i implementerings prosesser i t.d endring- utviklingssarbeid knytt til rammeplan) vil difor være viktige faktorar framover.