Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Askedalen Barnehage AS

Rammeplan for barnehager

Dato: 02.01.2017
Svartype: Med merknad

Høyringsutalele –Askedalen barnehage AS (Leikanger ,Sogn)

 

1.Ivaretek samfunnsmandatet: meir konkret, god inndeling. Tett forankra til lov om bhg. Punktvis, gjer det lettare. Same punkta nokre nye i tillegg som ligg i tida (berekraftig utv, livsmeistring, progresjon) men meir kortfatta og greitt. Avhandlingane er borte, det er bra. Den gamle var meir ei lærebok, den nye framstår som eit tydlegare arbeidsdokument. Progresjon er satt opp som eige punkt, dette tykkjer me er bra.

 

Verdigrunnlaget står ved hevd, me er glad for at heilskapssynet er der. Livsmeistring og helse: får fram viktigheita av å jobbe med psykisk helse. Tydelegare skrive i den nye korleis ein skal tenkje vaksenrolla. Generellt for alle; den nye opplevast enklare å forholde seg til.

 

  1. Arbeidsdokument: me treng faghefter:

-integrering/kulturelt mangfald –religion, språk, tradisjonar, aktivitetar osv.

-dei yngsta barna

-digital praksis

 

  1. Styringsdokument: Me meiner dokumentet fungerer godt som styringsdokument for alle i bhg. Ikkje tungt å sette seg inn i. kortfatta og konkret, beskriv arbeidet vårt godt. Godt styringsdokument i høve styrar sin jobb, må kanskje bruke Lov om bhg hyppigare sidan den byggjer så tydeleg på lova.

 

Leiken: leik vert framstilt som viktig. At leiken har eigenverdi. Barna skal leike gjennom arbeidet med fagområda. Ein må sjølv som lesar vere klar over grunnhaldninga til leik, den kan ikkje vere nemt i annakvar setningJ Me likar at IKT kjem godt fram. Ein del av samfunnsutviklinga, barna treng både kunnskap og gode haldningar. Både vaksne og barn si læring er nemt.

 

Vurdering: Det bør stå i rammeplan at barnehagane skal definere korleis dei brukar rammeplanen i sitt arbeid. Til dømes i barnehagen sin årsplan, månadsplanar, ved pedagogisk dokumentasjon osv. At vi evaluerer etter kva som står i rammeplan og korleis. Kan godt stå døme i rammeplanen korleis om barnehagane kan gjere den synleg.

Vurderingsarbeidet bør og inkludere organiseringa av dagen – til barnets beste. Systemet vi jobbar i og kulturen.  

Personalet. Sjølv om «Personalet skal»- betyr alle tilsette, kunne det øvrige personalet også vore nemnd under Ansvar og rollar, leiing i alle ledd kunne vore tydelegare definert; alle er medansvarlege for det pedagogiske arbeidet, at alle skal få ta ut sitt potensiale- alle tilsette får eit leiaransvar i kvardags situasjonar og alle tilsette bør få betegnelsen «Pedagogisk personale» sidan dei jobbar i ei pedagogisk bedrift?

Ansvar og rolle: kvifor hermetegn på « barnehagens personale»?

Bør det tydeleggjerast under «Barnehageeigar» noko om ansvar for kompetanseheving/opplæring der det er vanskeleg å få kvalifisert personale.

Ansvar og rolle – bør komme som nr 3- før fagområda.

 

På vegne av pedagogiske medarbeidarar i Askedalen Barnehag AS.

 

 

Hilde Valvik Menes

-styrar-