Høring Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Høringssvar fra Anonym

Ny Rammeplan - positivt!

Dato: 18.01.2017
Svartype: Med merknad
  • Eg veit det er forsøkt å gjere den nye Rammeplanen meir lettfattelig å lese, for alle tilsette i barnehagen. Likevel fikk eg kommentar fra assistenter på at den var tunglest. - For mykje bruk av vanskelige ord. - Alt for lange setningar, og for mykje bruk av komma. Sett inn fleire punktum!
  • Me saknar meir fokus på mat og måltidssituasjonen i barnehagen. Gjerne i form av eit veiledningshefte.
  • I forhold til overgang mellom barnehage og skule, står det at barna skal få besøke SFO før skulestart. Er dette vanlig praksis? Har de tenkt over korleis dette skal løysast i praksis? Her i bygda opnar ikkje SFO før etter at kjernetida i barnehagen er over. Kven skal da følge barna på besøk til SFO?
  • Flott at det står kva barnehagen SKAL gjera, og at det står punktvis. Lett synlig og oversiktlig.
  • Saknar meir om rolla og oppgavene til assistenten. Assistenten er vel så vidt me kan sjå nærmest utelatt heilt i rammeplanen. Det er ikkje bra.

Styrar