Høringssvar fra Svein Gunnar Gule

Dato: 12.11.2022

Det er viktig at vi i dagens samfunn får beholde kontantene. I dag foregår det ei massiv sporing og overvåking av enkeltmennesket. Kontant betaling sikrar at vi unngår delar av denne overvåkinga.

For den enkelte kunde gir kontant betaling bedre oversikt fordi det går rett ut av lommeboka i staden for at det vert liggande på ein konto som ein ikkje ser direkte. Det gir også ein bedre følelse av kva vara eller tenesta kostar. I Storbritania har kontantbruken gått opp som følge av dårlegare tider, fordi folk flest veit at dei har bedre oversikt når dei betaler kontant.

I det kontantfrie samfunn kan bankane legge store gebyrer på elektronisk betaling fordi dei har mista ein konkurrent i kontant betaling. Kundane kan også risikere gebyrer på å ha pengane på kontoen fordi kundane ikkje kan ta ut pengane.

Ikkje-digitale eldre, barn og andre som ikkje kan få bankkort kan risikere å få store problem med betaling.

Sanksjonsmulegheter ovanfor kontantnektere er viktig. Forbrukarane må ha ein plass å melde frå om dei som nektar å ta imot kontanter. I dag er det nokre aktørar som ulovleg nektar å ta imot kontanter, og det får ingen konsekvensar for dei.

Vi må også sikre retten til kontant betaling på reiser, overnatting og restauranter. Forbrukernes rett til å betale kontant må styrkes.