Høringssvar fra Nynorsk forum

Dato: 22.08.2022

Nynorsk forum ser at Nasjonal strategi for eID i offentlig sektor er lagt fram til høyring, og nyttar høvet til å delta i høyringa. Nynorsk forum minner om at lov om språk (språklova) er gjeldande frå 1.1.2022. To delar av lovverket er særleg viktig for denne strategien. § 14 set krav til at statsorgan skal «gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig». Dette tyder at eID og alle statlege tenester som skal nytte dette må vere parallelt tilgjengelege på bokmål og nynorsk. Dette må sikrast i strategien og vidare arbeid.

Den andre delen av lovverket er i § 1 der offentlege har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket», og dimed vurdere stoda for nynorsk særleg ved politikk- og regelverkutvikling. Nynorsk forum meiner Kommunal- og distriktsdepartementet må gjere dette i denne saka, og i andre saker som omhandlar digitalisering av offentlege tenester.

Nynorsk forum meiner det må vere mogleg for framtidig eID-løysing at språkval (nynorsk eller bokmål) brukaren gjer kan følgje brukaren gjennom alle tenester.

På vegner av medlemene i Nynorsk forum: Nynorskfylket Vestland, BUL Oslo, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag, Nynorsk avissenter, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, Dag og Tid, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk pressekontor og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa,

Per Magnus Finnanger Sandsmark
90 81 21 96, per@nynorsk.no
sekretær Nynorsk forum
direktør Nynorsk kultursentrum