Forsiden

Høringssvar fra Ullensvang kommune

Dato: 22.06.2021

SAKSGANG

Utval

Møtedato Saksnr. i utval

Utval for kultur og levekår

01.06.2021

030/21

Kommunestyret

15.06.2021

074/21

Eldrerådet

31.05.2021

024/21

Råd for personar med nedsatt funksjonsevne

31.05.2021

018/21

Saksbehandlar: Arkivsak – dok.nr 21/1636 – 3

John Ove Rørnes

Journalpostnr. 21/13626

Organisering av luftambulansetenesta -Høyringsuttale frå Ullensvang kommune

Vedlegg

24.03.2021

Høring - Utredning om organisering av luftambulansetjenesten

24.03.2021

Høringsliste

24.03.2021

organisering-av-luftambulansetjenesten

Bakgrunn for saka:

Saka blir avgjort av:.

Kommunestyret

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.

Helseføretaksloven av 2001, Stortingsmelding nr. 7 2019-2020

Tilråding frå rådmann:

Ullensvang kommune stør framlegget til ekspertutvalet, med ein vidareføring av dagens ordning, med dei skildra forbetringane. I tillegg vil kommunen at det skal vurderast etablering av base for luftambulansen i Hardanger, slik at målsetjinga om lik tryggleik for alle som bur i Noreg og at ein får ein akseptabel responstid

31.05.2021 Eldrerådet

Behandling:

Røysting:

Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.

ER- 024/21 Vedtak:

Tilråding:

Ullensvang kommune stør framlegget til ekspertutvalet, med ein vidareføring av dagens ordning, med dei skildra forbetringane. I tillegg vil kommunen at det skal vurderast etablering av base for luftambulansen i Hardanger, slik at målsetjinga om lik tryggleik for alle som bur i Noreg og at ein får ein akseptabel responstid

31.05.2021 Råd for personar med nedsatt funksjonsevne

Behandling:

Røysting:

Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.

RPNF- 018/21 Vedtak:

Tilråding:

Ullensvang kommune stør framlegget til ekspertutvalet, med ein vidareføring av dagens ordning, med dei skildra forbetringane. I tillegg vil kommunen at det skal vurderast etablering av base for luftambulansen i Hardanger, slik at målsetjinga om lik tryggleik for alle som bur i Noreg og at ein får ein akseptabel responstid

01.06.2021 Utval for kultur og levekår

Behandling:

Framlegg frå, Brita Helleland, Raudt

Organisering av luftambulansetenesta

Ullensvang kommune meiner luftambulanseteneste i offentleg regi best sikrar pasienttryggleiken i Noreg.

Røysting:

Framlegget frå Brita Helleland vart vedteke med 13 røyster, tilrådinga frå rådmannen, første del, fekk 2 røyster og vart ikkje vedteke.

Tilrådinga frå rådmannen, andre del, vart samrøystes vedteke.

UKL- 030/21 Vedtak:

Tilråding:

· Organisering av luftambulansetenesta

Ullensvang kommune meiner luftambulanseteneste i offentleg regi best sikrar pasienttryggleiken i Noreg.

· Ullensvang kommune vil at det skal vurderast etablering av base for luftambulansen i Hardanger, slik at ein når målsetjinga om lik tryggleik for alle som bur i Noreg og at ein får ein akseptabel responstid.

15.06.2021 Kommunestyret

Behandling:

Røysting:

Tilrådinga frå utval for kultur og levekår, første kulepkt, vart vedteke med 28 røyster, 4 røysta mot (4 H).

Tilrådinga frå utval for kultur og levekår, andre kulepkt, vart samrøystes vedteke.

KST- 074/21 Vedtak:

· Organisering av luftambulansetenesta

Ullensvang kommune meiner luftambulanseteneste i offentleg regi best sikrar pasienttryggleiken i Noreg.

· Ullensvang kommune vil at det skal vurderast etablering av base for luftambulansen i Hardanger, slik at ein når målsetjinga om lik tryggleik for alle som bur i Noreg og at ein får ein akseptabel responstid.

Saksopplysningar:

Helse – og omsorgsdepartementet har sendt på høyring sak om Organisering av luftambulansetenesta(LA). Det er set ned eit ekspertutval, som hadde som mandat å vurdere modellar for framtidig drift av den operative delen LA og skildra fordeler, ulemper og risiko ved dei ulike modellane. Dei tre alternative er:

• Dagens modell, herunder forbedringsmuligheter av denne

• Modell med offentlig drift

• Modell med drift av ideelle aktører

Ekspertgruppen skal:

– Beskrive utvikling og status (regelverk, organisering, kostnader og finansiering, grenseflater mot øvrig ambulansetjeneste, redningstjenesten mv.)

– Beskrive organiseringen av tjenesten i andre land det er naturlig å sammenlikne seg med, f.eks. Sverige og Danmark

– Gjennomgå erfaringer med operatørbytte og vurdere dette

– Beskrive utfordringene med dagens organisering av luftambulansetjenesten – Beskrive aktuelle modeller for framtidig drift av den operative delen av luftambulansetjenesten, og beskrive fordeler, ulemper og risiko ved de ulike modellene:

Andre modeller utover de ovennevnte kan også vurderes. I mandatet framgår det at ekspert gruppen bør drøfte fordeler og ulemper med at det er to forskjellige anbud, dvs. ett for ambulansefly og ett for ambulansehelikopter, samt drøfte fordeler og ulemper ved eventuelt å dele anbudene opp geografisk. Utredningen bør særlig drøfte konsekvenser av en monopolsituasjon, der én aktør står for all operativ drift. Utredningen bør se hen til erfaringer som er gjort med anskaffelsen av nye rednings helikoptre og driften av disse. Utredningen bør også se hen til anskaffelse og drift av politihelikoptre. Utredningen skal beskrive de økonomiske, administrative og juridiske konsekvensene av forslagene. Utredningsinstruksen skal ligge til grunn for arbeidet. Ekspertgruppen står fritt til eventuelt å tilrå en modell. Ekspertgruppen må sikre god involvering av relevante aktører i arbeidet, f.eks. ved å etablere en referansegruppe.

Rapporten er delt inn i 10 kapittel, med følgjande informasjon:

1. Innleiande informasjon om mandat til ekspertgruppa, arbeidsform mm.

2. Utvikling og status.

3. Organisering av teneste i andre land.

4. Erfaringar med innkjøp og drift av tenesta.

5. Innkjøp, erfaring med å setja i gang og byte av operatør.

6. Utfordringar med dagens ordning.

7. Modellar for framtidas organisering og drift av luftambulansetenesta.

8. Økonomisk, administrative og juridiske konsekvensar.

9. Referansar.

10. Vedlegg.

Utgreiinga kom opp i etterkant av at det vart gjort endringar i LA i nord. I samband med overgang til ny aktør, vart det ein rekke av uheldige avvik, som førte mellom anna til at beredskapen vart svekka i forhold til det som den er lagt opp til at den skal vera. Forsvaret måtte hjelpa til i ein periode for å gjennomført ein del av oppdraga. Det er dette me ikkje ynskjer skal skje att, og soleis er denne evalueringa kome på plass, med ein tilrådinga korleis me skal unngå at det skjer att, og at me får eit best mogleg luftambulansetilbod heile tida.

Ekspertutvalet har rådd til å gå vidare med Dagens modell, herunder forbedringsmuligheter av denne. Ekspertgruppa har lagt vekt på at det er viktig å ta i vare ei teneste som allereie er svært god. Samstundes om det er naudsynt å ta røynsla som er opparbeidd og erfaring kva som kan betrast. Den viktigaste forbetringa er å vidareføre dei tilsette sine arbeids- og lønsvilkår. Dei rår også til ein del administrative endringar for at det etter ein anbodsprosess, skal gå betre med operatørbyte. (sjå heile tilrådinga pkt. 7.6 s. 114)

Det er lagt opp til at saka vert handsama i utval for kultur og levekår, og i kommunestyret.

Det er sett frist til 25. juni, med å koma med innspel.

Vurdering:

Rapporten som er utarbeidd er detaljert og er grunnlaget me har for å vurdere om kva som er den beste organiseringa og drifta av LA.

Å vurdere korleis framtidig LA skal organiserast og driftast, er ein utfordrande oppgåve. Her skal me kome med tilbakemeldingar på eit spesialområde, der dei færraste av oss veit kva som er viktig/mindre viktig, kritiske faktorar, økonomiske konsekvensar. Det me fyrst og fremst kan gje tilbakemelding på er, korleis fungerer dagens ordning, kva er me nøgd med/ikkje nøgd med. Me er ein utkantskommune og er avhengig av denne tenesta. Med lang avstand til dei regionale helseføretaka, der kvart minutt teller. På dette grunnlaget skal me koma med ein tilbakemelding på korleis me trur tenesta kan verta betre.

For å gje ein best mogleg fagleg tilbakemelding, har administrasjonen brukt ei arbeidsgruppe som har vurdert tilrådinga til framtidig løysing på LA. Med i gruppa er:

· Politi v/Terje Kvalvik

· Brann v/Sigbjørn Kleppe,¨

· Helse og omsorg v/ Anne Lise Naasen

· Kommunelege v/ Daniela Bruhl

· Odda sjukehus v/Kari Marie Tjelmeland

· Beredskap v/Stig Hope.

· Røde kors v/Svein Buer

· Ambulansetenesta var også invitert, men Helse Fonna ynskte å skrive eigen uttale.

Aktørane som er med i arbeidsgruppa, er dei som arbeider direkte med/ jobbar i lag med LA og soleis bør ha det beste grunnlaget for å vurdera framtidig utøving av LA på dette området. Sjølv for dei er dette ein innfløkt sak, der dei ikkje har fullstendig oversikt på alle parameter som er avgjerande for å få ei god teneste. Men, utøvinga av LA er eit samspel mellom naudetatane, raude kors og kommunen i forhold til beredskap. Det er viktig at LA er organisert slik at dei andre partane veit korleis dei skal halde seg til tilbodet som er etablert. Det er også viktig at me kan lita på at LA leverer slik det er planlagt.

For kommunen er det viktig å vurdere om tilrådinga/konklusjonen frå ekspertutvalet

1. Er me samd om at dette er den beste organisering og drifta av LA? So langt me kan vurdere denne saka, vil me tru at me får ein god løysing på LA i framtida. Men her er mange usikre faktorar som er vektlagt, økonomiske konsekvensar med dei endringane utvalet føreslær kontra ein offentleg ansvar for drifta av tenesta.

2. Gjev framlegget oss, som er ein distriktskommune, positive eller negative konsekvensar? Framlegget legg opp til ein lik eller betre LA, så oppsummert vil dette gje positive konsekvensar for oss.

3. Vert alle i landet teke like godt i vare? Helseføretakslova er lagt opp til at alle skal handsamast likt. Dette vert vanskeleg å kontrollera, her har me avstand frå flybase, helseføretak og kommune innverknad på svaret. Her erfaring frå naudetatane det beste grunnlaget me har for å vurdera dette.

4. Kan me føle oss tryggje? Ja, innan for rimelege grensar, skal me kunne føle oss trygge. Dette har utøvinga av LA synt. Det er eit særleg viktig verkty i kritiske situasjonar.

5. Kjem LA innanfor forventa responstid? På dette er svaret ja og nei. Innverknad på dette er utfordringar med flytilhøva, tal hendingar samstundes og prioritering av hendingane.

Ser naudetatane, helseetaten og beredskapen forslaget som ein styrking av LA, er det andre tilhøve som bør takast med for å få ein endå betre LA? Oppsummert er svaret ja, men operativt har dei nokre forslag til forbetringar. Naudetatane har opplevd at LA ikkje klarar å få utført oppdrag eller har måtte avbryte oppdrag. Me har etterlyst statistikken på tal oppdrag, avbrotne oppdrag i vårt område. Denne har me diverre ikkje motteke så tilbakemeldinga er bassert på korleis naudetatane opplever utøvinga av tenesta til LA. Ved avbrot på LA-oppdraga, må vanleg ambulanse ta overta oppdraga, med resultat lengre tid før pasientane kjem fram til sjukehus/behandling. Dette vil igjen sei at intensjonen me lik handsaming av alle pasientar i Noreg, ikkje vert innfridd.

Økonomiske konsekvensar:

a. Driftskonsekvensar- Ingen direkte konsekvens

b. Investeringskostnader- Ingen direkte konsekvens

c. Finansiering- Ingen direkte konsekvens

Samandrag konklusjon:

På grunnlag av utgreiinga av saka, rår rådmannen til at kommunen stør ekspertutvalet, men kjem med tillegg på operative løysingar for at tenesta skal verta enda betre/tryggare. I vårt område har me mange tunellar og får fleire. Her er det viktig at det i planlegginga vert teke høgde for plass for naudetatane/LA å kunne operere trygt og effektivt. Tiltak som kan forbetre tilhøva for utøvinga av LA, som gjer det råd å opere under dårleg vætilhøve. Her kan val av utstyr og flytype vera eit avgjerande moment.

Særutskrift sendast til: Helse – og omsorgsdepartementet