Høringssvar fra Pelagisk Forening

Dato: 20.08.2021

Pelagisk forening sitt HØYRINGSSVAR

RETTLEIAR for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknadAr for vindkTURBINAR til havs, og forslag til endringAr i havenergilova og havenergilovforskrifta.

Pelagisk Forening viser til høyringsbrev, og pressemelding, av 11.6.21

Pelagisk Forening er ein interesseorganisasjon for fiskebåtreiarlag. Medlemmane har havgåande fiskebåtar. De kan lesa meir om Pelagisk Forening på www.pelagisk.net

Pelagisk Forening er bekymra for plassering av vindturbinar til havs. Dette hovudsakleg pga. for liten kjennskap til verknadane på det marine livet. Det er òg bekymring for arealkonfliktar om vindturbinar blir lagt i fiskefelt, og turbinane fortrenger fiskerinæringa. Det er òg bekymring for at kablar på havbotnen vil kunne øydelegge fiskereiskap, og/eller gjera det uråd å fiska på store område.

Det er svært uvisst kva verknad vindturbinane vil ha på fisk, og anna marint liv. Det er forska lite på området, og Havforskningsinstituttet har peikt på ei rekke område der havvind kan skada livet i havet. Havforskingsinstituttet rår til grundige undersøkingar før bygging av utplassering av havturbinar. (https://www.hi.no/hi/nyheter/2020/november/anbefaler-grundige-undersokelser-ved-havvind-utbygging).

Ein EU-rapport om havvind (https://theskipper.ie/eu-parliament-raises-alarm-on-interaction-of-fishing-and-offshore-windfarms/) viser til at vindturbinar kan ha dramatisk skadepotensiale for marint liv, og for fiskeri om .

Pelagisk Forening meiner at det må innførast ein føre-var-regel, slik som for fiskerinæringa, òg når det gjeld negative verknadar som følje av vindturbinar til havs. Dette både i høve til marint liv, og i høve til andre næringar.

Ved fare for interessekonflikt må myndigheitene alltid prioritera den eksisterande langvarige, subsidefrie, lønsame, og miljøvennlege fiskerinæringa framfor andre omsyn. Dette må vera det bærande forvaltningsprisnippet.

Fiskeri må altså alltid ha første prioritet, og andre næringar må tilpassast fiskerinæringa.

Det er såleis svært viktig at vindturbinar til havs ikkje fortreng fiskarane sin hevdvunne rett til fiskefelt. Det er òg viktig at det blir innført ein streng føre-var-regel som tek omsyn til både gyte- og oppvekstområde for fisk, og alt anna liv i havet. Dette i heile perioden frå planlegging, utbygging, drift og til fjerning av vindturbinar, og kablar. Det må òg stillast krav til at utbyggjarar har garantiar som vil dekka skader, fjerning, og opprydding,

Når Havforskingsinstituttet har uttalt at det er mangelfull kunnskap om verknadane av vindturbinar til havs er det naturleg at det blir stilt krav om at aktuelle utbyggjarar bidreg til meir forsking på området, før utbygging av vindturbinar til havs.

I søknadsprosessane må difor søkjarar måtte synleggjera korleis dei vil innhenta kunnskap, ta omsyn til biologiske tilhøve, og til fiskeriinteresser, på best mogeleg måte.

Slike krav bør koma klart fram i rettleiaren, og kunnskap må innhentast av respekterte uavhengige forskingsinstitusjonar.

Pelagisk Forening meiner òg at ein må ta lærdom av tidlegare prosessar, som t.d. oljeleiting i Lofoten, Vesterålen, Senja, og Barentshavet, og vindkraft både på land og sjø. Det er difor viktig å ta avgjerande omsyn til eksisterande næringar som kan risikera å bli skadelidande som følje av eventuelle framtidige energiprosjekt til havs og langs kysten. I så måte er det positivt at rettleiaren stiller minimumskrav, men rettleiaren bør vera vesentleg meir tydeleg på at omsynet til fiskerinæringa må gå først ved arealkonfliktar.

Pelagisk Forening er bekymra for at fiskerinæringa blir fortrengt frå etablerte fiskefelt, og er einige med departementet når det skriv, at «I utgangspunktet er det mindre aktuelt å gi konsesjon i områder som vil påvirke sjøsikkerheten eller fremkommeligheten negativt.» Fiskeri er òg «fremkommelighet», men Pelagisk Foreining meiner likevel at det bør koma tydelegare fram at utbyggjarar må ta omsyn til fiskerinæringa.

Like eins er Pelagisk Forening einig i at «det er viktig å involvere berørte næringer i utredningsarbeidet, at berørte aktører høres i vindkraftverkets konsesjonsprosess, og at næringenes innspill tillegges vekt ved valg av vindkraftverkets endelige plassering og utformingPelagisk Forening meiner at slike innspel bør ha avgjerande vekt, og at det bør lovfestast.

Pelagisk Forening er einig i at det må stillast krav om prosjektspesifikke konsekvensutgreiingar, men meiner at det bør stillast klarare krav til innhald og omfang av konsekvensutgreiingar. Dette både når det gjeld arealkonfliktar, konsekvensane for fiskeriinteresser, og biologiske konsekvensar.

Når det gjeld minimumskrava, til anlegg, er ikkje fiskeriinteresser nemnt. Dette er ein mangel.

Det same gjeld manglande krav til skildring av biologiske verknadar.

Pelagisk Forening meiner at når departementet skriv at «Nettkostnadar skal dekkast av utbyggjarane. Utvikling av vindkraft til havs skal ikkje føre til kostnadar for kundane på land.» så bør dette lovfestast. Dette slik at kostnadar ikkje blir velta over på subsidiefrie næringar.