Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Dato: 20.08.2021

Uttalen fra Møre og Romsdal fylkeskommune skal behandles politisk i Fylkesutvalget den 30.august. Uttalen nedenfor er den administrative innstillingen til høringen. Fylkesutvalet sitt vedtak ettersendast.

Uttale:

Møre og Romsdal fylkeskommune legg i sitt høyringssvar vekt på følgjande:

· Det må bli lagt til rette for ny fornybar energiproduksjon til havs så raskt som mogleg.

o Olje- og energidepartementet må prioritere å fastsette utlysningsområder i ei så rask takt som utbyggjarar kan gjere seg nytte av.

o Prosessen med tildeling av konsesjon for energiproduksjon må gjerast så rasjonelt som mogleg med tanke på tidsbruk.

o Prosessen med nettkonsesjon for elektrisitet til havs må gjerast så rasjonelt som mogleg med tanke på tidsbruk.

· Det må settast krav til både maksimum og minimum installert effekt i kvart tildelingsområde.

· Det i konkurransen mellom leverandørar for eit tildelingsområde skal leggast stor vekt på samfunnsøkonomi og verdiskaping for nasjonale og lokale underleverandørar, både i utbyggings- og driftsfasen.

· Alle konsesjonar for havvind må innehalde ei tidsavgrensing og heimfallsrett ved konsesjonens utløp.