Høringssvar fra Kvam kyrkjelege fellesråd
Høyringssvar frå Kvam kyrkjelege fellesråd
2.3 Arkivlova
Forslaget vert støtta. Departementet sitt forslag er ei vidareføring av ordninga i kyrkjelova.
3.3 Teieplikt for tilsette på gravplassane og tilsette med oppgåver etter gravplasslova
Forslaget vert støtta. Departementet sitt forslag er ei vidareføring av ordninga i kyrkjelova.
4.3 Kven handsamar klage på ei avgjerd gravplasstyresmakta har teke etter offentleglova
Forslaget vert støtta. Det er ryddig å ha ein klagemoglegheit, slik at ein kan prøve vedtak frå gravplassmyndigheita.
5.3 Uttale frå kyrkjelege organ ved søknad om anlegg, utviding eller vesentleg endring av gravplass Forslaget vert støtta. Den norske kyrkja bør ha moglegheit til å uttale seg, når nye anlegg ligg nær kyrkja.
6.3 Krav om medlemskap i gravplasslova § 22
Forslaget vert støtta, då dette ikkje er endring av gjeldande rett.
7.4 Nærare regulering av urnevegg
Forslaget vert støtta.
8.5.3 Namneflytting
Alternativ 1 frå departementet vert støtta.
8.6.5 Namneflytting i særlege situasjonar
Ingen merknad.
9.2.3 Nedbryting i kistegrav
Forslaget vert støtta.
9.3.3.Krav til massar ved lukking av opna kistegrav
Forslaget vert støtta.
9.4.3 Registrering av avvik
Forslaget vert støtta.
10.4Når festaren døyr
Forslaget vert støtta, men det bør og innehalde ei rettleiing om kven som skal verte festar om den som sørgjer for gravferda ikkje ynskjer å verte festar.
11.4 Betaling for å fjerne gravminne
Forslaget vert støtta.
12.4 Heimel til å gi løyve til forsøk som avvik frå lova
Forslaget vert støtta