Høringssvar fra Skjåk kyrkjelege fellesråd
Skjåk kyrkjelege fellesråd (SKF)som er gravferdsmynde i Skjåk kommune takka for moglegheit til å svare på høyringa og SKR har nokre inspel:
Kap.1.Innleiing og samandrag
SKR er i ein prosess med å revidere vedtektene som ein fylgje av nye retningsliner
Kap.3. Teieplikt for tilsette på gravplassane og tilsette med oppgåver etter gravplasslova
Einkvar som er sett til å gjere ei teneste eller arbeid regulert i lova ,har teieplikt etter forvaltningslova §§13-13e
Anonyme graver si plassering er og lagt under teieplikt
Kap.4.Støttar dep.forslag
Kap.8 Namneflytting
Støttar dep.forslag §21
Kap.10 Når festaren døyr
Her har vi gode rutinar for at det vert registrert ny festar,når festaren døyr.
Og viss ikkje nokon tek over,så prøva vi å få tak i ny.
Men det kan vere innspel til nytt forslag:
Når festaren døyr,skal den som er ansvarleg for gravferda i samarbeid med familie,finne ny festar og varsle gravplassmynde om dette.
Kap.11 Betaling for fjerning av gravminne
Oppmodar om å at festar fjerna sjølv,viss ikkje er kyrkjetenar behjelpeleg,mot avgift i dei fleste tilfelle.
Namnet som vert sett på gravminne skal vere identisk med namnet på den gravlagde.
Gravplassmynde kan gje moglegheit til å føre på namn på person som er gravlagt anna stad
Skjåk kyrkjelege fellesråd 30.09.2021