Høringssvar fra Bjørgvin bispedømeråd

Dato: 16.09.2021

Svartype: Med merknad

Bjørgvin bispedømeråd takkar for tilsendt høyring.

Departementet legg til grunn at dei lokale gravplassvedtektene (som fellesrådet har ansvar for) er forskrift skal leggast ut til høyring før dei blir vedtekne.

Det finst ei juridisk rettleiing til dette på nettsidene til Statsforvaltaren, men Bjørgvin bispedømekontor vil be om at den blir gjort endå tydelegare og meir konkret, slik at fellesråda får god rettleiing i korleis dei skal gjennomføra ei høyring.

Rådet merkar seg særleg framlegget til ny andre setning i gravplasslova § 4 første ledd: «Ligger gravplassen i tilknytning til kirkebygg, skal gravplassmyndigheten innhente uttalelse fra berørte organer i Den norske kirke.» Vi forstår «berørte organer» som både lokale og regionale/nasjonale organ. Truleg vil kyrkjemøtet legga eit slikt mynde til biskopen. Det er viktig at eit overordna organ er høyringsinstans eller godkjenningsinstans i saker som berører kyrkjestaden, anten det er ein gravplass eller ein «kyrkjebakke», dvs område ved kyrkja som ikkje er gravplass.

Ut over dette har vi ikkje vesentlege merknadar til forslaga til endring i regelverket