Høringssvar fra Agder og Telemark bispedømmeråd

Dato: 29.09.2021

Svartype: Med merknad

Agder og Telemark bispedømmeråd Høringssvar - endringer i gravplassloven og gravplassforskriften

Vi viser til brev med invitasjon til å delta i høyringn om endringar i gravplassforskriften og takkar for anledinga til å levere vårt høyringssvar. I og med at bispedømerådet ikkje lenger handsamar saker etter gravferdslov eller gravferdsforskrift, har vi kun gitt innspill på Forvaltningsmessige endringar Kap 2 -7 som som i større grad rører ved det kyrkjelege regelverk.

Høyringssvar godkjent i møte i Agder og Teleamrk bispedømmeråd 06.09.21 – Sak 68/21:

Forvaltningsmessige endringar Kap 2 -7

Dei forvaltningsmessige endringane som departementet foreslår finn med i høyringsnotatet

på s. 10 – 19. Reguleringane gjeld endringar som i større grad sikrar at ein i

gravplassforvaltninga er forplikte opp mot arkivering etter arkivlov, teieplikt, klagerett og

rutinar for tilsetting. Då kyrkja sitt eige regleverk ikkje har den same rettslege binding mot lovverket i alle saker, ønsker departementet at dette blir regulert i forskrift eller lovverk.

1. Arkivering

Høyringssvar:

Agder og Telemark bispedømeråd sluttar seg til forslaget. Det er i tråd med kyrkja sine eigne intensjonar om å fylgje reglar for ei open og etterretteleg sakshandsaming.

2. Teieplikt:

Høyringssvar:

Agder og Telemark bispedømeråd sluttar seg til endringa utan merknader.

3. Klageorgan

Høyringssvar:

Agder og Telemark bispedømeråd sluttar seg til forslaget utan merknader.

4. Uttale frå kyrkjelege organ ved søknad om anlegg, utviding eller vesentleg endring av gravplass.

Departementets forslag: Ny andre setning i gravplasslova § 4 første ledd skal lyde (gjeldande andre setning blir tredje setning):Ligger gravplassen i tilknytning til kirkebygg, skal gravplassmyndigheten innhente uttalelse fra berørte organer i Den norske kirke.

Høyringssvar:

Agder og Telemark bispedømeråd sluttar seg til endringsforslaget. Etter gjeldande kyrkjeordning er det Biskopen som tek avgjerd knytt til endringar på kyrkjebygg og som uttaler seg i saker som rører ved omgjevnadane. Det er difor naturleg at kyrkjerådet følgjer dette opp i Ording for Den norske kyrkja med å stadfeste Biskopen som berørt part.

Krav om medlemskap ved tilsetting

Kravet frå Kyrkjelova § 29 om medlemskap er ikkje ført vidare i trussamfunnslova. Difor er det heller ikkje behov for unntaket frå lova i § 22 i gravplasslova. Forslaget frå departementet er difor å ta ut denne paragrafen. Likestillings- og diskrimineringslova vil då setje rammene for tilsetjing i stillingar som kombinerer oppgåver på gravplass/krematorium og i kyrkja (til dømes kyrkjetenar, vaktmeister, reinhaldar). Ein har erfaring av praktiseringa av gravplasslova § 22 i dei kyrkjelege fellesråda har vore i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova § 30.

Høyringssvar:

Agder og Telemark bispedømeråd sluttar seg til forslaget, men legg til grunn at kyrkja framleis kan praktisere § 40 i Kyrkjeordning for den norske kyrkja i del av kombinasjonsstillingar der del av stilling fell inn under definisjonen gitt i andre avsnitt av § 40 i ordninga, sjølv om dette og får følgjer for den stillingdelen som gjelder gravplassen.

Del 2

Del to omhandlar;

· Nærare regulering av urnevegg,

· Namneflytting

· Nedbryting i kistegrav

· Utvida heimel til å stengje del av gravplass for kistegravlegging

· Krav til massar ved lukking av opna kistegrav

· Registrering av avvik

· Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaga.

Desse sakene gjeld drifta av gravplassane og handsaming av regelverket. Etter at Statsforvaltaren overtok handsaming slike saker er ikkje dette lenger ein del av saksfelt til bispedømeråda. Bispedømerådet har difor ikkje vidare merknader til dei neste punkta.

Likevel ynskjer bispedøme ut frå den administrative erfaringa dei seinare år å kommentere generelt at ein er tilfreds med at fleire av sakene som tidlegare er spelt inn til departementets gravplassrågjevar nå blir tatt hand om. Mellom anna namneflytting til namna minnelund og problem knytt til stenging av gravfelt i samband med nedbryting av kistegrav i leirehaldig jord.

Agder og Telemark bispedøme har i områder til dømes mykje leirehaldig jord, og ser eit stort behov for at ein finn gode løysningar i lovverket.

Forslaga knytt til dei administrative endringane gjer truleg ikkje større utslag økonomisk eller i arbeidsmengde. Men det er viktig at kyrkjelege fellesråd framleis er sikra fri rådgjevingsteneste frå overordna organ.

Med vennlig hilsen

Aslak Wegge

Stiftsdirektør

Geir Myre

rådgiver

Vedlegg