Høringssvar fra Solund sokn (gravplassmyndigheit)

Dato: 24.09.2021

Svartype: Med merknad

Dei postar som ikkje er kommenterte, er ein samd i eller ikkje teke nærare stilling til.

7.4 Utforminga av sjølve namneplata og fontar bør vere lik.

9.9.3 Her bør gravplassmyndigheitene samstundes sikrast jorddepot og fylling, med rettigheit i lovverket. Då mange gravplasser/kommuner ikkje har dette, vert dette til hinder for å oppfylle kravet om å (re)fylle med masser som bidreg til bedbryting.

11.4 (og 11.5) Ueinig. Årssaka til at gravplassmyndigheitene ikkje tek betalt er fleire: Ofte er gravansvarleg død, eller vedkomande og/eller familie kan ikkje sporast. I tillegg er denne betalinga vanskeleg å fastsetje.

Å ta vekk denne bestemminga fører til at dei små gravplassmyndigheitene vert råka økonomisk. Der tenester ofte utførest ved kjøp av tenster, og ikkje i eiga drift.

Argumentet med gjenbruk er dårleg, då denne trenden er låg og fallande, og dessutan ikkje realistisk der det er svært store avstandar til steinforhandlarane og tenesta derfior ikkje- eksisterande. Altså vert dette ein tapspost i dei små kommunane, som det er ganske mange av.

Generelt: Det bør ryddast i begrepa "festar" (betaler for å feste) og "gravansvarleg" (er ansvarleg for ei frigrav e.l. og betaler ikkje for feste).