Høringssvar fra Øygarden kyrkjelege fellesråd

Dato: 01.10.2021

Svartype: Med merknad

Høyringssvar frå Øygarden kyrkjelege fellesråd

Øygarden kyrkjelege fellesråd takkar for tilsendt høyring, og sluttar seg til departementet sine framlegg til endringar i gravferdslova og gravferdsforskrifta.

Namneflytting

Øygarden kyrkjelege fellesråd sluttar seg til alternativ 1. Vår erfaring er at spørsmål om flytting av namn kjem opp i samband med sletting av grav, ikkje i samband med dødsfall. Vi meiner ein ikkje bør avgrense høvet til namneflytting til berre å gjelde i samband med gravlegging.