Høringssvar fra Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Dato: 01.10.2021

Svartype: Med merknad

Vi visar til brev med invitasjon til å gi innspel til endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta. Statsforvaltaren har gått gjennom høyringsnotatet og gir innspel til nokre av tema. Vi er einige i dei endringane som vi ikkje gir innspel til.

7 Nærare regulering av urnevegg

Etter fredingstida og utløpet av eventuell festeperiode skal oska gravleggast anonymt på ein gravplass i kommunen. Urner som vert nytta i urnevegg skal tole oppbevaring i 100 år. Ei slik urne vil som oftast ikkje vere nedbrytbar. Oska må difor flyttast over i ein annan emballasje, alternativt kan oska gravleggast utan emballasje.

Vi forstår det slik at dei etterlatne eig oskeurna, på same måte som dei eig gravminne. Festar eller ansvarleg for grav bør difor i forskrifta om mogeleg gis høve til å hente oskeurna etter at oska er gravlagt. Vidare kan ein sjå til gravplasslova § 18 andre ledd ved nærare regulering. Vi rår til at ei urne som ikkje vert henta av festar eller ansvarleg for grav vert destruert.

8 Namneflytting

Kapittel 8.6 omhandlar namneflytting i særlege situasjonar. Statsforvaltaren er kjent med eit brev frå departementet frå 2006 om påføring av namn på gravminne. I brevet står det mellom anna: «Det er etter vårt syn ikke et absolutt krav at navnet flyttes fra et eksisterende gravminne, men navnet kan ikke finnes på flere gravminner samtidig, jf. nevnte forskrift § 21 annet ledd annet punktum.» Statsforvaltaren har lagt dette brevet til grunn for rådgjevinga si. Vi kjenner til at lokale gravplassmyndigheiter har gitt løyve til namneflytting frå graver som er sletta. Vi rår til at departementet i til dømes skriv i samband med forskriftsendringane klargjer om det krevjast dispensasjon etter gravplassforskrifta § 39 i ovannemnde høve.

9 Nedbryting i kistegrav

Vi trur det i gravplassforskrifta § 5 andre ledd både tredje og fjerde setning kan være tenleg å presisere ved å få inn både ordet "permanent" og "for kistegravlegging" slik som i gravplassforskrifta § 5 andre ledd både fyrste og andre setning. Etter vårt syn inneber ikkje det endring i gjeldande rett, men at gjeldande rett kjem fram i klårtekst.

Kapittelet skriv om å skifte ut massar i kistegravfelt med vanskelege grunnforhold. Det å skifte ut massar i gravfelt som er teken i bruk er utfordrande og vil kunne bryte med gravfreden. Det vil krevje detaljert kunnskap om gravlagde kister og urner, både kor dei er gravlagt og kor djupt dei er gravlagt. Dette bør presiserast i til dømes eventuelle skriv som går ut i samband med forskriftsendringane, samt at ein tydeleggjer kor tett på graver ein kan grave utan å bryte med gravfreden.

Under 9.2.3 ber departementet om synspunkt på om det bør vere eit tilleggsvilkår at gravplassmyndigheita reknar med at nedbrytinga neppe vil bli fullført på 60 år. Vi rår til at det vert tatt inn eit slikt tilleggsvilkår. Tilleggsvilkåret vil gjere det synleg at terskelen for å stengje permanent for kistegravlegging er høg og sikre at graver der gravinnhald vert broten ned innan rimeleg tid ikkje vert stengt for kistegravlegging.

Kapittel 9.3 omhandlar krav til masser ved lukking av opna kistegrav. Det er forslag om å ta inn ei ny fråsegn i § 13 om at opna grav skal lukkes med masser som bidrar til nedbryting. Statsforvaltaren meiner at dette i mange høve vil vere eit godt forslag, men vil nytte høve til å peike på at forslaget vil kunne få økonomiske konsekvensar for gravplassmyndigheita. Det må truleg kjøpast inn masser og massane må lagrast på ein egna plass og på ein slik måte at dei ikkje frys om vinteren.