Høringssvar fra Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Dato: 22.09.2021

Svartype: Med merknad

Høyringssvar frå Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Kapittel 1 - 7 Ingen merknader

Kapittel 8 - Namneflytting til namna minnelund

Det er bra at det blir gitt høve til namneflytting til namna minnelund, og at lokale vedtekter kan regulere dette nærmare, tilpassa den eller dei namna minnelundane som er lokalt. Sjølvsagt må begge festarane av aktuelle graver vere enige om flyttinga, og vurderast etter søknad frå den som er festar for grava som namnet skal vekk frå. Det må vere ei tilknyting til namnelunden frå før (familiemedlem eller nær relasjon i namna minnelund). Enig i at så lenge det er semje mellom dei to "eigarane" av graver, så skal ikkje GS (gravplass-styresmakta) bry seg med familie eller andre relasjonar mellom dei gravlagde.

Det vil normalt vere få tilfelle med namneflytting til namna minnelund. Å setje som krav at det berre kan skje i samband med gravlegging, kan kanskje vere uheldig. Pårørande kan ha tankar om framtidige gravleggingar, og så skjer endringar i lievet som gjer at planane vert vesentleg endra. Det bør difor vere rom for å søkje om namneflytting til minnelund også i andre tilfelle. Så det bør vere opp til lokale GS å avgjere om flyttinga kan godkjennast eller ikkje. Det same gjeld kor mange namn som kan førast på namna minnelund ved flytting - bør ligge til lokal GS å avgjere, gjennom vedtektene som omhandlar bruk av namna minnelund.

Vi meiner difor at alternativ 1 er best.

Kapittel 9 - Nedbryting i kistegrav

Vi har brukt å lukke med anna jord ei tid, men har ikkje gjort oss erfaringar med gjenopning av slike graver enno.

Det vil vere ein kostnad med å skaffa anna jord å lukke grava med, men på sikt vil det likevel gi innsparing ved at det er meir realistisk at grava kan gjenbrukast og ein slepp utvide med nytt areal.

Vi støttar forslaget om nytt femteldd til forskrifta § 13.

Kapittel 10 - Når festaren døyr

Langt på vei har det nok vore praktisert at den som står for gravferda til død festar, vert ført som festar for gravene den avdøde hadde festeansvar for. Det er godt om det kjem formelle reglar for dette, med tydeleggjering på at den som står for gravferda skal få tilbudet om å ta over. Håpar vedkomande vil vere hjelpsam med evt å finne andre i familien som kan ta over.

Vi støttar forslaget til ny tekst i Gravplasslova § 16, andre ledd.

Kapittel 11 - Betaling for å fjerne gravminne

Det er bra å rydde unna formuleringar som kan vere motseiande det som står i gravferdslova. Som dept vurderer det, kan det vere opp til lokale GS om ein skal ta betalt for tenesta med å fjerne gravminnet. Det vil vere eit betydeleg meirarbeid med fakturering for utført arbeid med fjerning av gravminne. Det er i alle si interesse å få rydda vekk gravminne og frigi plass til nye gravleggingar, og det beste er raske prosessar frå festar melder at festet ikkje blir fornya, til at grava kan slettast. Dersom innføring av betaling for tenesta, kan det bli langt fleire som seier dei vil fjerne gravminnet sjølv, med det vil dra ut i tid, eller skjer ikkje. Sjølv om vi då har heimel til å fjerne det innan 6 mnd, vil vi få raskare og meir effektiv prosess på sletting av graver når det er klarert med festar at GS kan fjerne gravminnet (utan avgift).

Vi støttar forslaget om å oppheve Gravplassforskrifta § 21, tredje ledd, 1.punktum.

Kapittel 12 - Vi har ingen merknader til forslaget.

Avslutningsvis vil vi takke for at høyringsnotatet var velformulert på godt nynorsk!