Høringssvar fra Gol og Herad kyrkjelege fellesråd

Dato: 16.09.2021

Svartype: Med merknad

Gol og Herad fellesråd er einig i forslaga som departementet har lagt fram om å få lovfesta krav til arkiv og teieplikt.

Fellesrådet er glad for at det blir ein lovfesta rett for Kyrkja å få uttale seg om gravplassar som ligg ved kyrkjebygg.

Det er bra det kjem ei tydeleg presisering om bruk av minnelundar og urnevegg i lovverket då det ser ut som det blir meir og meir etterspørsel etter den type gravlegging.

Når det gjeld namneflytting så går fellesrådet i Gol og Herad inn for alternativ 1.

Fellesrådet meiner det er fint med ei presisering av § 16 om kven som kan overta feste når festar er dø.