Høringssvar fra Møre bispedømme

Dato: 30.09.2021

Svartype: Med merknad

Høyringssvar frå Møre bispedømme - Høyringsnotat om namneflytting, teieplikt osb. Endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta

Barne- og familiedepartementet ber i høyringsbrev 02.07.21 om høyringssvar til Høyringsnotat om namneflytting, teieplikt osb. Endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta. Høyringsfrist er 1. oktober.

Høyringsnotatet omtalar i elleve tematisk kapittel forslaga til endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta. Dei første kapitla handlar om forvaltningsrettslege spørsmål, der nokre av framlegga er utløyste av ny trussamfunnslov frå januar 2021. Deretter følgjer kapittel og framlegg som har med forvaltning og drift av sjølve gravplassane å gjere.

Høyringsdokumentet handlar m.a. om:

- den forvaltningsmessige plasseringa av den lokale gravplassmyndigheita (arkivplikt, teieplikt og krav om medlemskap i Den norske kyrkja)

- høyring og kunngjering gravplassvedtekter

- urnevegg

- gravlegging ved vanskelege jordbotntilhøve

- flytting av namn til namna minnelund

- forsøk med ny teknologi

Stortinget vedtok i april 2020 endringar i gravplasslova. Mellom anna fekk lova nytt namn (gravplasslova) og organet med makt etter lova blei omtalt som gravplassmyndigheita. Langt dei fleste av gravplassane har kyrkjeleg fellesråd som lokal gravplassmyndigheit. Frå 1. januar 2021 la departementet oppgåvene som bispedømmeråda har hatt etter gravplasslova til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Etter dette har ikkje bispedømmeråda lenger noka godkjenningsrolle eller klagebehandlingsrolle i gravplassaker.

Sidan dei fleste gravplassar er plasserte i tilknyting til kyrkjestader, og sidan gravplasslova legg offentlege oppgåver knytt til gravplassen til trussamfunnet Den norske kyrkja, gjennom dei kyrkjelege fellesråda, vil det likevel framleis vere fleire berøringspunkt mellom Den norske kyrkja og gravplassmyndigheita. Høyringa rører ved nokre av desse punkta.

I kapittel 2 er framlegget at arkivlova skal gjelde for gravplassmyndigheita slik ho gjorde medan dei kyrkjelege fellesråda blei regulerte av kyrkjelova.

Møre bispedøme sine kommentarar:

Møre bispedøme støttar departementet sitt framlegg under pkt. 2.3., og meiner arkivlova legg gode premissar for trygg dokumentasjonsforvaltning. Både historisk og forvaltningsmessig er det sambinding mellom kyrkje/kyrkjestad og gravplass. Sentral dokumentasjonen kring gravplassforvaltning må bevarast og sikrast. I kyrkjeordninga pålegg elles Den norske kyrkja seg sjølv å følgje arkivlova, jf. § 42.

I kapittel 3 er framlegget at dei tilsette på gravplassane og gravplassmyndigheita skal ha lovfesta teieplikt, slik dei hadde då forvaltningslova gjaldt direkte for dei kyrkjelege fellesråda.

Møre bispedøme sine kommentarar:

Møre bispedøme støttar departementet sitt framlegg under pkt. 3.3., og viser til at forslaget vidarefører det som gjaldt under kyrkjelova. Bispedømet sluttar seg til høyringsdokumentet si vurdering av at tilsette på gravplassane og i dei kyrkjelege fellesråda har god rolleforståing og høg profesjonsetikk. Kyrkjeordninga gjer det klart at reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld som internt regelverk i Den norske kyrkja. Vi finn det tenleg at dette blir forsterka ved at gravplasslova har reglar om teieplikt.

I kapittel 4 er framlegget at statsforvaltaren er klageinstans når gravplassmyndigheita gjer vedtak om innsyn etter offentleglova. Det blir her gjort framlegg om endring i offentlegforskrifta.

Møre bispedøme sine kommentarar:

Møre bispedøme støttar departementet sitt framlegg under pkt. 4.3. Med den nye ansvarsfordelinga for gravplassektoren finn bispedømet det naturleg at Statsforvaltaren blir organet som handsamar klager på avgjerder lokal gravplassmyndigheita har teke etter offentleglova.

I kapittel 5 er framlegget at gravplassmyndigheita (når ho er kommunal) skal hente inn synspunkt frå dei organa i Den norske kyrkja som saka vedkjem ved utviding, endring og liknande på gravplass kring ei kyrkje.

Møre bispedøme sine kommentarar:

Møre bispedøme støttar departementet sitt framlegg under pkt. 5.3. Omkring halvparten av gravplassane i landet ligg tilknyting til kyrkjebygg og kyrkjestader. I Møre langt fleire. Bispedømet finn at uttale frå kyrkjelege organ ved vesentlege endringar på gravplassar som ligg nær kyrkjestader er eit riktig og viktig prinsipp. Ut frå gjeldande lovverk er ikkje dette sikra der det er kommunen som er gravplassmyndigheit. Vi støttar derfor at slik uttale må lovfestast gjennom tillegg til § 4 i gravplasslova.

Sidan biskopen i dag skal høyrast i arealplansaker og skal godkjenne byggesaker knytte til kyrkjebygget, talar mykje for at biskopen også bør uttale seg om vesentlege endringar på kyrkjegard. For å sikre eit samanhengande tilsyn knytt til alle kyrkjer sine nære omgjevnader, bør biskopen derfor ha alle slike saker til uttale eller godkjenning – uavhengig om det er kyrkjeleg fellesråd eller kommunen som er lokal gravplassmyndigheit.

I kapittel 6 er framlegget å oppheve regelen om unntak frå det oppheva kravet om medlemskap i Den norske kyrkja for tilsette som arbeider med gravplassar. Den generelle reguleringa i likestillings- og diskrimineringslova er vurdert som tilstrekkeleg.

Møre bispedøme sine kommentarar:

Møre bispedøme støttar departementet sitt framlegg under pkt. 6.3. Framlegget inneber at gravplasslova sin § 22, om at medlemskapskrav i Den norske kyrkja ikkje gjeld for kyrkjelege tenestemenn med arbeidsoppgåver berre knytte til gravplass, gravkapell og krematorium, blir oppheva. Likestillings- og diskrimineringslova vil då setje rammene for tilsetjingar der stillinga t.d. kan vere delt mellom oppgåver i kyrkje og på gravplass. Oppgåvene i kyrkjerommet kan indirekte handle om å understøtte verkeleggjeringa av det religiøse formålet til Den norske kyrkja. Bispedømet meiner likestillings- og diskrimineringslova i tilstrekkeleg grad opnar for å kunne krevje kyrkjemedlemskap for søkjarar til slike stillingar. Jf. også kyrkjeordninga § 40.

Møre bispedøme har elles ingen kommentarar til departementet sine framlegg knytte til kapitla 7 – 12 i høyringsnotatet, og støttar desse framlegga.

30/09/21