Høringssvar fra Malin Roseanne Espejo

Dato: 09.01.2022

Høyringssvar

Innleiing

Eg er gjeldsrådgjevar for Nav Bergen vest. Eg har jobba som gjeldsrådgjevar i snart fem år og teke vidareutdanning i økonomisk rettleiing ved Høgskulen i Lillehammer.

Eg vil kommentere forslag til eigenforsøk, oppfølging undervegs i ordninga og bruken av dynamiske betalingsplanar.

Eigenforsøk ressurssparande for Nav-kontoret?

Eg er positiv til å fjerne krav om eigenforsøk. Eg opplever derimot ikkje at fjerning av eigenforsøket er særlig ressurssparande for meg. Eg veit at det er lite sannsynleg at forhandling av utanrettsleg gjeldsordning vil føre fram. Difor brukar eg heller ikkje mykje tid på å forsøkje. Ofte er gjelda so stor, eller overskotet so lite, at det er usannsynleg at kreditorane vil gå med på ein utanrettsleg gjeldsordning. Eller so hindrar lova enkelte offentlege krav å vere med på ein utanrettsleg gjeldsordning. Viss gjelda er uoversiktleg eller det er mange kreditorar vil eg heller ikkje forsøkje å få ein utanrettsleg gjeldsordning då det i slike tilfelle er betre med offentleg gjeldsordning. Viss utanrettsleg gjeldsordning kanskje er mogleg ringjer eg dei kreditorane som har dei største krava, eller kreditorane eg veit av erfaring pleier å seie nei, for å avdekkje raskt om klienten må søkje offentleg gjeldordning. Eg har difor ikkje særleg ledig kapasitet til å overta rettleiingsansvaret Namsfuten har gjennom heile gjeldsordningsperioden når dei vel å nytte dynamiske betalingsplanar konsekvent for alle.

Dynamiske betalingsplanar kan gjerne skrenkast inn

Eg tolkar loven slik den er i dag at det er unntaksvis mogleg å nytte seg av dynamiske betalingsplanar. Eg stillar meg undrande til kvifor Bergen og Oslo likevel har kunne praktisert å nytte dynamiske betalingsplanar konsekvent når loven i utgangspunktet seier noko anna slik eg les den. Eg er positiv til at det presiserast betre i lova at dette kan berre nyttast unntaksvis.

Eg er oppteken av hjelp til sjølvhjelp, altso rettleie klientar slik at dei er i stand til å meistre sitt eige liv. Dei som får ei stor gjeld, vil normalt ha utfordringar med å følgje opp dynamiske betalingsplanar, då dei må setje opp budsjett kvar månad. Det er enklare for dei å leggje inn fast betaling ein gong i året, slik ein kan gjere med statiske betalingsplanar. Då vil dei klare å ordne dette sjølv og oppleve meistring. I tillegg er enklare for kreditorane å oppdage og følgje opp manglande innbetaling. Då vil klientane kunne rette opp feilen viss dette blir oppdaga i tide.

Eg har snakka med nokon kontor kontorfaglege og gjeldsrådgjevarar som har hjelpt klientar gjennom forvaltningskonto og med å følgje opp dynamiske betalingsavtalar gjennom dei 5 åra. Dei fortell at det er veldig tidkrevjande og krev mykje kunnskap, då det er lett å gjere feil. Eg har ogso høyrt at avdelingsleiarar tenkjer at vanelege sakshandsamarar ikkje har nok kunnskap til å hjelpe med desse budsjetta. Då lurar eg på om det er for mykje å krevje at skuldnarar med dårleg økonomiforståing skal klare dette på eiga hand, når tilsette i Nav har utfordringar med det.

Sosialfagleg oppfølging hos Nav-kontoret, kva inneber det?

De seier at Nav-kontoret skal gje sosialfaglig oppfølging i løpet av heile gjeldsordningsperioden. For meg er det vanskeleg å forstå kva de meiner at dette skal innebere.

De skriv at skuldnarar ofte er i sårbare livssituasjonar og har fleire sosiale utfordringar utover det økonomiske problema. De skriv vidare at det er lite tilfredstillande at det i mange tilfelle verken gjerast noko for å avdekkje om gjeldsordningsskuldnare er i stand til å gjennomføre ein gjeldsordning eller gis nokon form for oppfølging undervegs i ordninga. De skildrar at den sosialfaglige oppfølginga frå Nav-kontoret vil dreie seg om økonomisk rettleiing kring korleis skuldnarane bør innrette seg for å klare å oppfylle sine pliktar som ligg i gjeldsordninga, til dømes redusere forbruket sitt og hjelpe med ulike personlige utfordringar som kan setje oppfyllinga av ordninga i fare med vidare.

Eg har vore på fagseminar der de har blitt spurd kva de meiner Nav-kontoret skal gjere. Eg har opplevd at svara på spørsmåla har vore uklare. Dette skaper usikkerheit hos Nav-kontora. De har foreslått at det i den nye lova skal stå at «Kommunen skal i henhold til sosialtjenesteloven § 17 bistå skyldnere som har behov for råd og veiledning for å kunne fullføre en gjeldsordning etter gjeldsordningsloven eller i forbindelse med endring av en slik ordning.» Vi ønskjer berre å vete kva den nye plikten vår inneber, for å kunne ta stilling til om vi er einige i dykkar forslag til ny lov og om vi har tilstrekkeleg ressursar til å gjennomføre plikta vår. Då de ikkje har fått presisert dette konkret, so vil eg berre kome med mine tankar omkring dette temaet.

Viss de tenkjer at Nav-kontoret skal opprette forvaltningskonto for å gjennomføre gjeldordning, so vil eg berre minne de på at Nav-kontoret er ikkje pliktig til å tilby forvaltningskonto etter sosialtenestelova. Det er per i dag fleire Nav-kontor som ikkje lenger tilbyr forvaltningskonto, held på å fase ut denne praksisen eller nyttar det berre viss nokon treng rettleiing for ein kort periode.

Før kontoret mitt slo seg saman med eit anna kontor, valde vi konsekvent å ikkje nytte forvaltningskonto for å gjennomføre gjeldordning. Eg hugsar at årsaka var at kontoret uroa seg for å disponere pengane feil med omsyn til gjeldordninga, og ha skuld i at ein gjeldsordning eventuelt blei oppheve. Vi brukte mykje ressursar og tid på å følgje opp dynamiske betalingsavtalar. Budsjett skulle lagast kvar månad, permane var på kontoret og etter gjeldsordninga var ferdig fekk vi beskjed av Namsfuten at permane måtte vi oppbevare i 3 år til. Klienten såg vi lite til og det var lite opplæring i handtering av eigen økonomi. Kontoret var ogso usikker på kva verknad ein alvorleg feil frå vår side vil føre til med tanke på erstatningsansvar, då ei oppheving er eit slags økonomisk tap for skuldnaren.

Viss skuldnar på grunn av psykisk helse, spele- eller rusavhengigheit eller anna diagnose ikkje klarar å handtere økonomien sin, so vil dei få rettleiing frå Nav om å søkje verje, eventuelt bli utreda fyrst viss dei over tid har hatt utfordringar med økonomi ikkje på grunn av vilje, men evne. Etter dei har søkt verje so kan det ta nokon månadar før dei får verje.

Eg forstår det slik at de ønskjer at vi, gjennom sosialfagleg oppfølging, skal bidra til åtferdsendring av klientane sine forbruksvanar, hjelpe dei med å få utredning og behandling for underliggjande utfordringar, eller hjelpe dei med å meistre utfordringar som til dømes manglande eigna bustad eller samlivsbrot. Dette er noko vi allereie gjer, men vi hjelper dei med desse tinga før dei søkjer offentleg gjeldsordning. Når vi hjelper klientar med å følgje eit budsjett kallar vi dette ein modningsprosess, noko som vi gjer i forkant, altso før dei søkjer offentleg gjeldordning. Klientane treng å øve seg, få tid til å feile og lære. Modningsprosess før ein søkjer gjeldsordning har vi lært på kurs/studie, noko som ogso er vanleg praksis hos mange gjeldsrådgjevarar.

Både budsjetthandtering og hjelp med andre utfordingar i livet tek tid og vil føre til tilbakefall for nokon, som er vanleg ved åtferdsendring. Det er heller ikkje alle som klarar å gjennomføre dei tiltaka som vi har oppmoda, og dei sluttar å møte. Difor er det viktig å gjere dette arbeidet før søknad om gjeldordning slik at ein ikkje risikerer å få gjeldsordninga oppheva og bruke opp den ein sjansen ein har til å få ei løysing. Å gjere dette sosialfaglege arbeidet er ikkje enkelt når gjeldsordninga fyrst er i gang, då det blir mindre rom for å «feile» då feil kan føre til oppheving av gjeldsordning. Det skaper mykje meir stress for klienten og rettleiaren som ønskjer det beste for klienten sin.

For å oppsummere tenkjer eg at forvaltningskonto ikkje er ein teneste som vi er pliktig til å tilby, og difor vil vi berre kunne tilby samtalar. Sosialfagleg oppfølging slik eg tolkar de ønskjer vi skal hjelpe skuldnare med, er mest naturleg å gjennomføre før ein forhandlar fram ein gjeldsordning. Viss nokon treng hjelp med økonomistyring kan dei gjerne få opplæring, men om dei treng tett oppfølging då dei ikkje klarar å ivareta interessene sine grunna sjukdom so vil det vere meir nærliggande å søkje om verje enn at dei skal få tett oppfølging av Nav-kontoret i 5 år eller lenger.

Setje vilkår om at skuldnar har søkt økonomisk rettleiing før opning av gjeldsforhandlingar

De skriv at det kan vere aktuelt å stille slikt vilkår for enkelte skuldnare som har so stort behov for hjelp, og at gjeldsordningslova opnar for dette i dag, men at de ikkje er kjent med at denne moglegheita er nytta i praksis. De skriv at nokon vil ikkje klare å gjennomføre ein gjeldsordning grunna rusproblem, aktiv spillavhengighet eller utilstrekkeleg økonomiforståing og evne til økonomisk styring. De skriv vidare at i slike tilfelle bør Namsfuten kunne avslå søknad om gjeldsforhandling viss dei ikkje fyller vilkåret om å søkje økonomisk rettleiing hos Nav-kontoret.

Eg er positiv til at dei klientane som treng hjelp blir tilvist til Nav-kontoret før opning av gjeldsforhandlinga. Eg berre lurar på om det er i samsvar med lova å setje det som vilkår at dei skal søkje om økonomisk rettleiing hos Nav. For å få sosialhjelp kan vi setje vilkår om økonomisk rettleiing, altso møte til ein samtale til dømes om budsjetthandtering. Vi kan ikkje setje vilkår om at dei skal få tett oppfølging, altso økonomisk rettleiing etter § 17, då den tenesta er frivillig. Det er ikkje føremålstenleg å tvinge nokon til å møte til slike samtaler viss dei ikkje ønskjer det sjølv. Eg synest det er rart viss Namsfuten kan setje slike vilkår, men det kan vere eg har misforstått noko.

Viss det likevel er innanfor å stille slike vilkår, håper eg at det ikkje er nok å berre søkje, men ogso fullføre oppfølginga da dette arbeidet er tidkrevjande. Det kan variere frå nokon månadar til eit eller to år. I tillegg kan det hende at klienten finn ut at tiltaka blir for utfordrande og vedkommande ikkje er klar akkurat no for endring, og vil heller vente litt med å søkje gjeldsordning. Det er ein del klientar som treng nokon «rundar» hos oss før dei er motivert og klar for endring. Ved krav om eigenforsøk, slik lova er i dag, so kjem skuldnaren tidlig til oss slik at vi får rettleia dei «ferdig» før dei søkjer offentleg gjeldsordning. Ein del finn ut at dei ikkje er klar for det likevel og vel å ikkje søkje eller berre sluttar å møte til samtale. Det er uheldig om dette skjer etter ein har fått ein offentleg gjeldordning. Det kan føre til mange endringar og opphevingar. Det er ein ulempe for Namsfuten som får mykje ekstra arbeid, og det er ein ulempe for klienten som mister sin eine sjanse til å få gjeldsordning.

Avslutning

Eg veit ikkje kva som er mogleg å få til, eg har berre eit ønskje om at oppfølginga frå Nav-kontoret i større grad blir lagt til perioden før nokon får gjeldsordning, framfor etter. Viss Namsfuten i Bergen får halde fram med praksisen sin å nytte dynamiske betalingsavtalar framfor statiske betalingsavtalar konsekvent, og at Nav-kontoret skal overta Namsfuten sitt rettleiingsansvar so vil det føre til ein del ekstra arbeid for oss då mange slit med å fylle ut eit slikt budsjett kvar månad. Eg er i so tilfelle usikker på om vi har nok ressurser på å følge opp skuldnarar under heile gjeldsordningsperioden, og må påpeike at eg synest det er underleg at kommunane i den samanheng ikkje er høyringsinstansar.

Sosialfagleg arbeid er ikkje gjort over natta, difor er det viktig at slik type oppfølging gjennomførast før ein får gjeldsordning. Det er dette som uroer meg. Håper de med dette forstår litt meir kvifor mange av oss gjeldsrådgjevarar undrar oss over at vi skal ha ansvar for oppfølging av skuldnarar i gjeldsordningsperioden og tek det til betraktning i arbeidet dykkar.

Med venleg helsing

Malin Roseanne Espejo

gjeldsrådgjevar

Nav Bergen vest