Forsiden

Høringssvar fra Åsta Årøen

Dato: 26.05.2020

Kommentar til Smittevernlova ny § 5-4a. sjå høyringsnotat kap 3

Lovendringa som no blir foreslått, vil få svært omfattande verknader for ei sårbar gruppe som allereie frå før har begrensa bevegelsesfridom. Kunne ein ha kome like langt med tilrettelegging og frivillige tiltak? Er restriksjonane som ein ønskjer å bruke nødvendige og forholdsmessige? Sjå denne kommentaren knytt til Horten kommune og dagens lovgjeving. http://www.nfunorge.org/Om-NFU/NFU-bloggen/nfu-ber-helsedirektoratet-omgjore-beslutningen-om-tvangsisolat/

Legg også merke til at kommunane allreie tidlig i Corona-tida var tidlig ute med omfattande restriksjonar overfor denne gruppa: http://www.nfunorge.org/Om-NFU/NFU-bloggen/ber-regjeringen-stanse-ulovlig-frihetsberovelse/

I dag er denne gruppa i stor grad ulovleg tvangsisolert, det å endre lovgjevinga gjer ikkje tvangen betre. I staden bør ein følge betre med på tvangen og ha som mål å redusere tvangsbruk. LDO er ein av dei institusjonane som har uttrykt bekymring overfor omfanget av tvang overfor utviklingshemma.

Det finst feks i følge NFU personar med utviklingshemming som har vore tvangsisolerte i 14 veker utan å vere smitta. Dette kan ikkje vere greit.

Det er også uavklart korleis denne endringa vil påvirke barn som er i målgruppa.

Ein plass på begynne er å kreve lenger høyringsfrist med utredning. Det har vi tid til, med dagens låge smittetall.

mvh

Åsta Årøen