Høringssvar fra Kåre Skogstad

Dato: 20.02.2022

Eit menneske må ansjåast som ukrenkeleg i sin kropp og sitt vesen.

Noreg har lang tradisjon i å hevde menneskerettane på dette området, både innanlands og ikkje minst utanlands, der utallige land har fått tilsnakk for å bryte menneskerettar opp i gjennom åra.

Og Noreg har fått tilsnakk og dommar mot seg av andre land og menneskerettigheitsdomstolen. Vi kastar med andre ord stein i glasshus, noko vi bør slutte med snarast, det er vinter og straumen er dyr.

Sagt med andre ord: om Noreg skal vera med på ei retningsendring kva gjeld å hegne om menneskerettane, så bør innretninga gå mot å ta desse av oss ratifiserte rettar på høgste alvor.

Ikkje forringe menneskeverdet om så berre for ei lita stund, i ein skissert smittevernsituasjon.

Retten til å råde over eigen kropp, og ikkje føle press eller tvang til å gå i mot eiga overbevisning eller kjensler, er og har vore sentralt i vaksinasjonspolitikken, og må også vera det i framtida.

Noreg har bra oppslutning om vaksinasjonsprogramma, stort sett over det som blir nemnt som fullvaksinert befolkning sjølv om det manglar eit nokre prosent på 100. Dette har vi oppnådd med frivilligheit, god informasjon og dugnadsånd. Så kan og skal ikkje alle delta i ein dugnad, men vi har også oppnådd svært mykje ved å fokusere på preventiv adferd så som avstand, handvask, munnbind.

Ved å samanlikne oss med td Sverige så ser vi at tiltak har fordeler og ulemper, og nødvendigvis vil endre samfunnet i ulik grad.

Det som no er foreslått går langt utanpå alt som har vore gjennomført av tiltak i Noreg i ei toårsperiode. Med tanke på langtidsskadene dette har påført landet og befolkningen og kva det vil koste å få ting på stell att, så står det meg underleg at regjeringa v helseministeren kan legge fram eit forslag til ytterlegare, strengare og irreversible tiltak i ein smittevernsituasjon enn dei som allereide er takne i bruk.

Så må det også nevnast at vaksine er ferskvare og at mikrober muterar raskare enn nye vaksiner blir laga.

Det bør vera nok å vise til forholdsvis rask nedgang i immunitet etter vaksinering, samt alle som no blir sjuke av omnikron uansett vaksinasjonsstatus til å tillegge vaksinering mindre vekt enn andre tiltak.

For no har altså verda gjeve opp kampen mot corona i større og mindre grad, avdi vi ikkje kan halde på med tiltak i det uendelege og avdi vi faktisk må la virus gå sin gang. Virus var her før oss og vil vera her lenge etter oss, og vi er knytt til dei på godt og vondt.

Ut frå dette bør ein spørja seg om vi har handla rett desse to åra i eitt og alt, eller om vi kunne ha minska tiltaka slik at samfunnet hadde gått som meir normalt.

Det einaste eg ser vi treng er større sjukehuskapasitet for å dekke evt kriser, men det ser ikkje ut til å vera ein del av planen.

Eg går difor på det sterkaste imot endringane i lovverket.