Høringssvar fra Solveig Frøysa

Dato: 21.02.2022

Eit vedtak av desse endringane vil bety at vi gir frå oss endå meir av sjølvråderetten vår i Noreg, ved at vi gir nokon utanfor landegrensene tilgang til å regulerer lover og reglar her. Ved to ulike folkeavstemmingar har vi stemt imot å vere ein del av EU. At politikarane trassar det norske folk ved å gi frå seg sjølvstyret i små drypp, er eit svik. Eg forventar difor at norske politikarar står opp for norske borgarar og stemmer nei til endringane.