Høringsbrev

Høyring av ny rettleiar for PUD og PAD

Departementet har utarbeida forslag til ny rettleiar for plan for utbygging og drift og plan for anlegg og drift (PUD-PAD-rettleiar) i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Petroleumstilsynet og Oljedirektoratet.

Departementet sender med dette ut forslaget til ny rettleiar på høyring. Rettleiaren finnest også på våre nettsider http://www.regjeringen.no/oed. Vi bed om at kommentarar på forslaget er departementet i hende innan 16. januar 2009.

Rettleiaren er ein viktig reiskap for selskapa i utarbeiding av sine utbyggingsplanar, særskilt gjeld dette for dei nye aktørane som ikkje har erfaring i å utarbeide utbyggingsplanar. I utkastet til rettleiar er forventningane til selskap og myndigheiter på ulike nivå tydeleggjort, og det er særskilt lagt vekt på prosessen mot myndigheiter i tidleg fase av utbyggingsplanlegginga.

Uttalingane vil vere viktige i det vidare arbeidet med å ferdigstille rettleiaren mellom anna for å sikre at sakshandsaminga av eit utbyggingsprosjekt vert gjort på ein best mogleg måte for alle involverte partar.

 

Med helsing

Egil Meisingset (e.f.)

underdirektør

                                                                                          Kristin Myskja

                                                                                          rådgjevar