Høringsbrev

Høyring – inkorporering av kvinnediskrimineringskonvensjonen i menneskerettslova

Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag om å inkorporere FNs internasjonale konvensjon 18. desember 1979 om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner med tilleggsprotokoll i menneskerettslova. Det vedlagte høyringsnotatet er utarbeidd i nært samarbeid med Barne- og likestillingsdepartementet.

Høyringsfristen er 1. februar 2009. Høyringsuttalar vert sendt til Justis- og politidepartementet, Lovavdelinga, postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

Vi ber om at adressatane vurderer om det er behov for å leggje notatet fram for underordna etatar og organ og dessutan foreiningar og organisasjonar på eige område som ikkje står oppførde på adressatlista.

Høyringsbrevet og høyringsnotatet er tilgjengelege på www.regjeringen.no/jd.


Med helsing


Marianne Vollan
avdelingsdirektør

Tonje Rønneberg Ruud
fung. lovrådgivar