Høringsbrev

Konkurranselova § 10 inneheld eit forbod mot konkurransereduserande samarbeid. Dette forbodet omfattar mellom anna kartellsamarbeid. Kartellsamarbeid i den mest alvorlege forma vert kjenneteikna ved skjult samarbeid mellom konkurrentar om prisar, tilbods- og marknadsdeling. Ulovleg kartellsamarbeid påfører samfunnet monalege kostnader.

Konkurranselova § 31 inneheld ei føresegn om sanksjonslempe for brot på § 10. Ordninga med lemping, som skal gi deltakarane i ulovleg samarbeid motiv til å bryte ut, går kort ut på at føretak som legg korta på bordet overfor konkurransestyresmaktene, har krav på nedsetjing eller heilt bortfall av sanksjon.

Ordninga med lemping er internasjonalt sett på som eit av dei viktigaste verkemidla for å avsløre kartell og skaffe tilstrekkelege prov for slik ulovleg åtferd. Dei aller fleste land med utvikla konkurranse¬rettslovgiving har innført program for lemping i løpet av dei siste15 åra. Både i USA, EU og i fleire EU medlemsland har ein hatt svært positive erfaringar med lemping. Programma har mange stader medført ein markant auke i mengda kartell som vert avslørte. Eksempelvis er nesten 75% av EU kommisjonen sine kartellsaker dei siste 3 åra (perioden 2005-2007) eit resultat av ordninga med lemping.

I Noreg har ikkje ordninga med lemping ført til meir enn to søknader om lemping så langt, i tillegg til ein søknad om lemping i EU som òg vart teken opp i Noreg. Det kan vere fleire årsaker til dette, og sannsynlegvis er biletet samansett. Mogelege forhold som kan ha redusert effektiviteten av programmet for lemping, er mellom anna at det er for stor uvisse om konsekvensar knytt til programmet. Potensielle søkjarar om lemping kan frykte at melding om brot til styresmaktene aukar sjansen for eller omfanget av andre sanksjonar som straff og/eller skadebot. Kartellovbrott inneber vilkårslaus offentleg påtale, jf. straffelova § 77. Det er ein veikskap ved det norske programmet for lemping at ein person som oppmodar om lemping og vert gitt dette for føretaket, samtidig risikerer personleg bot eller fengselsstraff.

For å styrkje programmet for lemping, og dermed styrkje handhevinga av konkurranselova, vert det lagt fram eit forslag om lovendringar som vil:

  • utvide nedslagsfeltet for lemping til å gjelde fullt ut i begge sanksjonsspor.
  • avgrense retten til innsyn i dokument som vert utarbeidde i samanheng med ein søknad om lemping, og opplysningar som berre kommer fram av slike dokument, slik at dei som søkjer lemping i minst mogleg grad blir meir eksponerte for sivile søksmål om skadebot enn dei som ikkje søkjer lemping.

Lemping av sanksjonar er aktuelt for avdekking av kartell der den som kjem med avsløringa, sjølv har delteke. Ofte vil også andre enn dei som har delteke direkte i kartellet, ha kunnskap eller mistanke om kartellverksemd. Dette kan dreie seg om tilsette eller tidlegare tilsette i føretak som er med i kartellverksemd, eller kundar, leverandørar og konkurrentar. Av erfaring har varsling frå slike personar vore svært viktig for at kartell blir oppdaga. Å varsle om eit mogeleg lovbrot i ei bedrift er ofte ei stor byrde for den som gjer det. Departementet ser det difor som viktig at varslarar kan gi Konkurransetilsynet tips i tillit til at dei vil få anonym behandling. Departementet foreslår difor å innføre ei føresegn som styrkjer anonymiteten for varslarar.

Høyringsnotat med ein nærmare omtale av dei føreslåtte endringane i konkurranselova finst på departementet si heimeside.

Papirkopi av høyringsdokumenta vert gitt ved spørsmål til departementet.

Departementet ber om høyringsinstansane si eventuelle utsegn og at dei så langt det er nødvendig legg forslaga fram for underliggjande organ. Høyringsfråsegner kan også sendast på e-post til postmottak@fad.dep.no

Fornyings- og administrasjonsdepartementet ber om høyringsinstansane sine merknader innan 23. februar 2009.

Med helsing

Steinar Undrum (e.f.)
avdelingsdirektør
Peder Østbye
seniorrådgiver


Vedlegg:
Høyringsnotat (PDF)