Høringsbrev

Høyring – forslag om å trekkje den norske reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing m.m.

 

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring forslag om å trekkje den norske reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing. Høyringsnotatet tek òg opp spørsmålet om på kva måte ein kan gjennomføre konvensjonen del II i norsk rett. Dessutan er det eit spørsmål om det i denne samanhengen kan vere aktuelt å sjå nærare på gjennomføringa i norsk rett av heile CISG. I det vedlagde høyringsnotatet er det gjort nærmare greie for framlegga.

Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsnotatet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Høringsnotatet er lagt ut på internettadressa www.regjeringen.no/nn/dep/jd/Dokument/Hoyringar.

Høyringsfristen er 16. august 2012. Vi ber om at høyringsfråsegnene fortrinnsvis blir sende elektronisk til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt som vanleg post til Justis- og beredskapsdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

Med helsing

Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør

Per Sigvald Wang
kst. lovrådgiver