Forsiden

Høringssvar fra Jorunn Straumstein

Dato: 16.02.2022

Eg tykkjer det er forferdeleg at regjeringa vurderer å innføra koronasertifikat og tiltak som set menneskerettar, grunnlov og Nürnbergkodeksen til side.

At menneske skal tvingast til vaksinering, til og med born, og at ein kan risikera å miste arbeid og inntektsgrunnlag dersom ein ikkje vil eller kan vaksinera seg, er skremande. Born som ikke vaksinerer seg kan òg risikera å verta utstengde frå barnehage og skule og sosial omgang med andre, og uvaksinerte kan tvingast til å opphalda seg på bestemte områder (t.d. påleggjast å ikkje forlate heimen). Eg kjenner at eg vert svært uroleg når eg les dette forslaget, og eg trur mest ikkje det eg les.

Dette minner om gufs frå andre tider og andre statar som me ikkje ønskjer å samanlikna oss med, og det virkar ikkje som me har lært av historia om t.d. jødane under andre verdskrigen og korleis dei vart handsama, det undertrykkjande og brutale kommunistiske styret under Lenin og Stalin etc..

Forslaget må aldri vedtakast, men forkastast heilt!

Venleg helsing

Jorunn Straumstein