Forsiden

Høringssvar fra Gunn

Dato: 03.03.2022

Eg støttar ikkje vidareføring av reglane for koronasertifikat. Det er ikkje greit å utestengja grupper i befolkninga frå ulike arrangement, utdanningsinstitusjonar, offentleg transport, arbeid mm, gjennom å bruka eit koronasertifikat som dokumentasjon for vaksinestatus. Fordelane ein oppnår, skal eigentleg skal vera tilgjengeleg for alle uavhengig av vaksinestatus. Vaksina er frivillig, og koronasertifikat er ingen garanti for smitte, og såleis eit svært dårleg eigna smitteverntiltak. Dette er og eit tydeleg brot på diskrimineringslova!
Me lever i eit demokrati, og ynskjer ikkje at fridomen vår vert svekka gjennom slike kontrolltiltak. Jfr. andre EU land med svært strenge tiltak og alvorlege konsekvensar for dei som ikkje innordnar seg.