Forsiden

Høringssvar fra Inger-Marie Vågane

Dato: 01.03.2022

Underteikna ønskjer med dette å kommentere og fordømme forlengelsen av reglane om koronasertifikat når det gjeld følgjande:

1. Tvangsvaksinering. I reglane står det at departementet kan bestemme at befolkninga eller deler av den skal ha plikt til å la seg vaksinere under alvorlig utbrot av smittsam sjukdom. Kva eller kven er det som bestemmer kva som er alvorlig nok? Kva når vaksinen kan gi eit verre utfall for pasienten enn sjukdommen sjølv? Dette har vi jo sett fleire eksempel på under covid-19. Kven er det som garanterer for at vaksina er god nok, og sikker nok? Kven kan kreve at menneske set livet på spel for å ta ei vaksine for noko som dei mest truleg overlever likevel? La dei som er i risikogruppene la seg vaksinere så mykje dei vil. For oss som ikkje ønskjer desse vaksinene, må det vere heilt legitimt å seie nei, på grunnlag av at vi alle er født frie og ikkje skal diskriminerast for våre meiningar. Kva skjer dersom ein blir sjuk av vaksina? Erfaringane så langt er svært dårlege når det gjeld behandling av dei som har opplevd sterke biverknader. Retten til å kunne bestemme over eigen kropp må vege svært tungt her. Dette strid mot Nürnbergkodeksen, som seier at frivillig samtykke frå forsøksperson er absolutt nødvendig. Dette punktet bør difor gå ut.

2. Uvaksinerte skal nektast samver med andre menneske. Det vart hevda at covidvaksinene skulle hindre folk i å bli sjuke, det gjorde dei ikkje. Så skulle dei hindre smitte, dette gjorde dei heller ikkje. Korleis kan ein i slike tilfelle nekte uvaksinerte samver med andre menneske, når alle er like smittsame? For det første så må vaksinene vise seg å vere til å stole på. Det har dei ikkje vore, hittil. Det er også tvilsomt om dette kan la seg gjere på så kort sikt som ei slik vaksine skal utviklast. Her er det rett og slett ingen garantiar. Har vi ikkje rett på å kunne stole på myndigheitene? Denne omgangen har vist at vi har blitt halde for narr mange gonger. Er det ei rettvis og truverdig regjering verdig?? Dette fører til politikarforakt, og ikkje tru på eit godt system.

3. Hastegodkjente vaksiner skal tvingast på folk. Det har vist seg at å bruke ny og ukjent teknologi når det gjeld vaksiner byr på dårlege erfaringar og andre typer sjukdommar for folk, både på kort og lang sikt. Kvifor vert det ikkje lytta til ekspertise som har andre meiningar enn den gjengse oppfatning? I staden vert all lit sett til gjennomkorrupte legemiddelprodusentar, som gjennom mange år har blod på hendene og tidlegare er dømde for kriminell verksemd. Dei slepp unna med alt ansvar. Dei slepp å oppgi innhaldsstoffa i vaksinene, og kan le heile vegen til banken! Det må ringe mange bjeller når innrapportering av biverknader av denne vaksinen er like mange som for alle andre vaksiner frå 1968 og fram til i dag. Dette er ikkje ein rettsstat verdig! Kvifor blir det ikkje heller satsa på å styrke folk ved å gi dei gratis c- og d-vitaminer, samt sink?

4. Uvaksinerte eller folk som ikkje har gjennomgått covid skal nektast adgang til kafear. Dette krev at ein veit at uvaksinerte er meir smittefarlege enn dei som er vaksinerte. Så langt har dette vist seg ikkje å stemme, og fell difor bort på si eiga urimelegheit.

5. Uvaksinerte skal nektast lønn. Dette er verkeleg grovt diskriminerande! Kor mange lærarar, sjukepleiarar, bussjåførar og andre livsviktige arbeidsgrupper kan samfunnet klare seg utan? Erfaringane så langt har vist ei synkande tru på vaksinene, med god grunn. Neste runde vil truleg gi ei endå mindre oppslutning rundt dette. Eit dårleg, urettvist og sjofelt tiltak.