Forsiden

Høringssvar fra arne gjeraker

Dato: 03.03.2022

  • 1. Grunnleggande i vår historiske/vestlege statsform - demokratiet - er maktfordelingsprinsippet, lokaldemokratiet/nærheitsprinsippet og dei grunnleggande fridomane. Utan dei grunnleggande fridomar, og at dei er reelle, vil/kan ikkje eit demokrati eksistera. Då er me over til fasisme, kommunisme, nazisme og andre autoritære regimer- der sensur og einretting er dominerande. I mellomalderen hadde store deler av Europa reiseforbod for folk flest og under siste krig her i landet hadde me t.d. krav til grensebuarbevis og eit tilknytta forhatt statspoliti. Det vil folk ikkje ha attende - heller ikkje under ein sjukdom som allment ikkje fører til død for andre enn den som er sterkt kroppsleg svekka frå før.
  • 2. Lovframlegget byggjer diverre ikkje på ein grunnleggande respekt for dei grunnleggande fridomane. Det er ikkje berre å beklaga det, det er uakseptabelt.
  • 3. Idelologien/filosofien/tankegangen bak slik lovgjeving - som peikar mot eit totalitært overvakingssamfunn - må det takast ei grunnleggande oppgjerd med - ut frå ein vilje om oppretthalding av eit reelt demokrati/folkestyre. Det er urovekkande at denne regjeringa fylgjer opp den forrige regjeringa sin tankegang - som og diverre ikkje synes å byggjer på eigne, frie tankar, basert på våre grunnleggande/historiske fridomsfilosofar i vesten og her i landet, men på import av framande og prinsipplause tankar.
  • Eg registrer at lovframlegget vert søkt forankra i EU og tilknytta institusjonar. Dette er ikkje landet vårt verdig. Slike grunnleggande åtak på grunnleggande fridomar må i tilfellet forankrast i ein brei, omforeint, og gjennomdiskutert nasjonal vilje. Det er nok uråd å koma fram til det - til det er fridomtrongen og viljen hjå folk flest i landet for stor. I tillegg er tankegangen bak lovframleggert i strid med sjølve "bondevitet".
  • 5. Eit grunnleggnde prinsipp for forholdet - både om og for grad og styrke av inngrep - mellom folk og staten/ det offentlege er proporsjonalitetsprinsippet/forholdsmessigheitsprinsippet/samhøveprinsippet. I tillegg kjem behovsprinsippet. Prinsippa vart ikkje skrivne inn i grunnlova, men som overordna prisnsipp har det tilnærma grunnlovs rang for all offentleg forvaltning - frå t.d. politiet til helse. Prinsippa er og m.a. slått fast av Høgsterett i flere dommar, m.a. i dommane kalla Jonsvatn 1 og Jonsvatn 2.
  • I Europa elles vert prinsippa og strekt framheva for aveginga mellom makt/ maktmisbruk og dei fundamentale fridomane/ menneskerettane. Historisk har prinsippa stått ekstra sterkt i Norden, grundig teoretisk dokumentert t.d. ved Universitetet i Lund ( Det eldste universitetet i Sverige).
  • Ut frå ei balansert verkelegheitsforståing av samfunnet og risiko for fare/ skade/død, både personleg og for samfunnet, har sentrale styresmakter her i landet systematisk brote desse grunnleggande prinssippa dei siste to åra, med dei tiltaka som er tvinga gjennom. Tiltaka er t.d. ikkje søkt forankra i forklarande og skriftlege forholdsmessigheitsvurderingar. I lovframlegget er og skadepotensialet i høve til våre basale overordna fridomar heilt underkommunisert.
  • Lovframlegget byggjer og på at den same høgst tvilsame overordna lovforståing som har vore- ut frå forholdmesisgheitsprinsippet. I tillegg kjem at framlegget er ei vidareføring av og eit forsterka alvorleg åtak på dei basale fridommane. Det synes diverre som om mange tek desse fridomane for sjølvsagde, men både Solbergregjeringa og denne regjeringa sine lovframlegg beviser at det kan folk flest ikkje. Lovframlegget er i svært stor grad provoserande/stridande mot våre grunnleggande fridomar.
  • 6 At framlegget liknar på framlegg i andre land er ingen grunngjeving. Me har sett, og ser, diverre at slik gruppetenking er farleg for den frie vurderingeevna Antidemokratiske tiltak og lovgjeving - som dette - kan og her i landet gje grobotn for opprør/ demonstrasjonar, og dermed i vesentlge grad kunne bryta ned det mest grunnleggande for ein velfersstat og rettsstat, - tilliten mellom folk og dei styrande. Ein slik tilllit skal og gå begge vegar.
  • 7 Me har diverre sett at tilnærma same reguleringar som her er tilrådd har ført til at historiske demokratiske statar knapt kan kalla seg det lenger, sjå t.d. Australia, Austerrike, Frankrike og Canada. Det er urovekkande at våre leiarar ikkje har større evne til sjølvstendig og prinsipell tenking.
  • 8. Det synes diverre og at ein grunnleggnde filosofi /tankegang om ei kontinuerleg avveging mellom inngrep i fridomar og helsevern ikkje er naudsynt - og såleis fråverande. Å etterape " det store utland" i denne samheng er korkje klokt eller akseptabelt. Lovframlegget synes heller ikkje å leggja til grunn grunnleggande kunnskap om maktstrukturane i helsebyråkratiet i leiande utland - som for ein del land ikkje lenger synes å byggja på at nasjonale helseadministrasjonar er til for å fjemja folkehelsa, - og det gode liv for folk flest.
  • Eg viser her til at dei mange nasjonale helseinstitusjonane i USA knapt lenger kan seiast å tene folket. TIl det er bevisa for mange og grunnleggande at dei diverre i hovudsak er blitt tenarar av interessene til medisin/farmasiselskapa. Det synes diverre og som det er manglande kunnskap om, eller vilje til å undertrykka kunnskapen om, at gjennomslagskrafta til pengemakta overstyrer føremålet om best folkehelse. Eg viser til det gamle omgrepet frå senatet i Roma - CUI BONO - og i dag kan visa vegen mot det verkelege. Det same, dvs kompromitert av pengemakta, er diverre WHO, og tilknytta selskap. Det klaraste døme på, og bevis på ovannemnde er at ingen av desse institusjonane har kome med tilrådingar om personlege tiltak for å auke motstandskrafta/imunforsvaret mot smitte/sjukdom t.d. redusert sukkerinntak. (Det er allment kjemt at inntak av sukker sterkt fremjar ein betennelse i kroppen.) I tilegg kjem både den opne og fordekte sensur av personar som har ein kritisk- analytisk tilnærming til deler av dei inngripande tiltaka som styresmakter har vedteke, t.d. krav om koronapass.
  • At helsevitskapen i USA og i stor grad og er korrumpert er diverre truleg ei sanning. Redaktøren i det mest anerkjente internasjonale legetidskriftet The Lancet har diverre sagt det. Den intenasjonale tilrådinga om koronapass må sjåast og vurderast i denne konteksten.
  • Ingen regjering hadde i etterkrtigstida tort å kome med eit slikt drakonisk - inngripande lovframlegg som her vert gjort - til det var tida for kort frå minnet om personmerking med jødestjerne og liknade segregering av folk. Samanlikninga kan synes noko sær, men prinsipielt er det ikkje det - med framlegget om heimel for i heile det offentlege samfunnet å skilje dei vaksinerte frå dei uvaksinirte.
  • Det sårar meg at departementet og regjering i notatet beviser at dei manglar naudsynt evne til prisippiell tenking. Ut frå både fjern og nær historie er vegen ikkje er lang mellom eit velfungerande demokrati til eit autortært styre - som då vil koma på utsida av den rettsstaten me alle flagar for 17.mai. At regjeringa no torer å fremja dette lovframlegget - som er uakseptabelt autoritæt - skremer meg.
  • Når ein no og veit at det ikkje har vore fleire døde enn normalt her landet siste to åra er det utanfor alle proporsjonar å koma med ei slikt framlegg. Det må kallast med sitt rett ord - eit framlegg med heimel til mogeleg maktmisbruk, dvs stridande mot prinsippa i grunnlova og våre mest grunnleggande demokratike verdiar. Framlegget må tekkjast attende, og eit nytt framlegg kan eventuelt fremjast neste år - når det er von om at den kritisk- analytiske evna er attende i regjeringa og kunnskapen om fridomane i demokratiet er styrka i samfunnet, inkludert department og regjering.