Forsiden

Høringssvar fra Anne Lise B. Konglevoll

Dato: 03.03.2022

Svartype: Med merknad

Forlengelse av reglene om koronasertifikat-forslag må forkastes

Det som vart brukt som grunngjeving for det «midlertidige» – ein påstått allmennfarlig sykdom – er uaktuell. Me skal ha fri ferdsel i dette landet. Ein passerseddel som eit slikt pass er, er uforenlig med likestilling og inkludering. Eit pass medfører segregering, diskriminering og ekskludering, og er fullstendig inkompatibelt med dei ideal me påberoper oss om demokrati og menneskerettar.

Dette høyrer ikkje heime i eit Norsk demokrati, det fins ikkje, og har heller aldri vore ei god nok grunngjeving for at de skal "tvangsvaksinere" eit heilt folk. Folk skal sjølv bestemme over eigen kropp Det bør være ein kvar demokrats plikt å forkaste dette forslaget. At dette skulle kome fra ei AP-regjering er for meg heilt utanfor fattevene!