Høringssvar fra Språkrådet

Høyring om ny fagskulelov -- høyringsfråsegn frå Språkrådet

Dato: 28.09.2017

Svartype: Med merknad

Vi viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet dagsett 28. juni 2017 om ny fagskulelov.

 

Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og har ansvar for å følgja opp den språkpolitikken som  Stortinget har slutta seg til, jf. St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk og Innst. S. nr. 184 (2008–2009). Det overordna målet for språkpolitikken er å sikra posisjonen for norsk språk, både bokmål og nynorsk, som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg.

 

Språkrådet har ingen merknader til det konkrete materielle innhaldet i lovframlegget.

 

Språkrådet gjer likevel framlegg om at framlegget til ny fagskulelov blir supplert med føresegner som sikrar studentar ved offentlege fagskular same typar rettar som lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova) og forskrift 7. juli 1987 nr. 4148 om målform i eksamensoppgåver sikrar studentane ved statlege universitet og høgskular.

 

I denne samanhengen viser vi til brev dagsett 26. september 2017 frå Språkrådet til det nyoppnemnde opplæringslovutvalet, med innspel om at elevar og andre som mottek opplæring etter opplæringslova, skal ha rett til å få 1) eksamensoppgåver i si eiga målform og 2) vitnemål, kompetansebevis, fagbrev, sveinebrev o.l. i si eiga målform.

 

Brevet til opplæringslovutvalet følgjer som vedlegg til denne høyringsfråsegna. Grunngjevingane i det brevet er i all hovudsak dei same som dei som ligg til grunn for at Språkrådet gjer framlegg om at fagskulelova bør innehalde desse språklege rettane for studentar ved offentlege fagskular.

 

Framlegg frå Språkrådet

I § 18 blir følgjande lagt til som siste punktum eller nytt andre ledd:

 

Studenter ved offentlige fagskoler har rett til å få vitnemål og karakterutskrift på bokmål eller nynorsk etter eget ønske.

 

 

I § 20 blir følgjande lagt til som nytt ledd:

 

Studenter ved offentlige fagskoler har rett til å få eksamensoppgaver som er gitt på norsk, på bokmål eller nynorsk etter eget ønske.

 

Alternativt kan dei to føreslåtte føresegnene samlast i ein eigen paragraf i kapittel 5.

 

 

 

Venleg helsing

 

 

Åse Wetås

Kristin Solbjør

direktør

seksjonssjef

 

Brevet er elektronisk godkjent og blir sendt utan underskrifter.

 

 

Vedlegg:

brev dagsett 26.9.2017 frå Språkrådet til opplæringslovutvalet

Vedlegg